Bok
Meisterleg
Thomas Marco Blatt har skrive ein intens og klaustrofobisk roman om flukt og fangenskap.
Thomas Marco Blatt debuterte som lyrikar og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2006.
Rolf M. Aagaard / Kolon
Thomas Marco Blatt debuterte i 2006 med diktsamlinga Slik vil jeg måle opp verden. Han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris, og han følgde opp med to nye og solide diktsamlingar i 2008 og 2012 der han prøver ut ein slags topografisk posisjon med tittelen 1920 Sørumsand, som typisk for det han har på hjartet: oppvekst og heimstad. Det er også omdreiingspunktet for den første romanen hans, Varsjøen (2016), ei oppvekstskildring frå nettopp Sørumsand med ein spenningsnerve som i årets roman faldar seg ut i full intensitet. Han har frå før levert solide sveineprøver – no leverer han meisterbrevet.
Velskriven
Tiden er ilden vi brenner i er ein usedvanleg velskriven roman som på fleire plan handterer både ytre og indre spenning: mellommenneskeleg i eit fortetta forhold mellom mor og dotter på ferie i Portugal, i eit globalt perspektiv der alt blir svidd nakent av langvarig tørke, skogbrannar og eit samfunn som har mista kontrollen ved grensene slik at alt er i fri flyt.
Dei siste åra har Portugal vore hardt ramma av dødelege skogbrannar, og det er i Portugal det meste av handlinga utspeler seg i romanen. Camilla har tatt med tenåringsdottera Emma til Algarvekysten, både for rekreasjon og for å komme unna sambuaren Martin, som ønsker omsorgsretten for Emma. Både mor og dotter slit psykisk etter ei trafikkulukke som gjorde at mora spontanaborterte, og det er i denne sorga ho grev seg ned og drar Emma med seg inn i ei irrasjonell og paranoid kjensle av at dei begge er overvaka og i ei risikosone der dei kan bli borte for kvarandre.
Dette skildrar Blatt på meisterleg vis gjennom korte setningar og ein hektisk stil som skaper ei kjensle av noko usikkert, noko oppkava og nervøst, høg puls og ein sinnstilstand heilt på grensa til samanbrot der flukt blir den einaste redninga – ei irrasjonell flukt frå Martin og ei konkret flukt frå ein eksplosiv skogbrann.
Blindsone
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.