Musikk
Meisterleg solsnu
Om du berre skal gje bort éi plate til jul i år, har eg eit alternativt forslag: Marius Lien.
Marius Lien er ein nysgjerrig og sjangaroverskridande gitarist.
Pressefoto
Då gitaristen Marius Lien vann Spellemann i blues for den nysgjerrige og sjangeroverskridande debuten The Woodland Songbook Part 1 (2023), kunne ein vente at del 2 var vel så nytenkjande. Det var han òg, men langt frå slik ein skulle tru.
Oppfølgjaren kom i januar i år, og det er ei introvert samling av «mann åleine med gitar, effektpedalar og litt ekstra koring»-låtar. Det er lov å tenkje på ein viss Springsteen, men det manglar finesse, både i låtar og framdrift. Songane hadde ikkje namn, unnateke eit overlappande spor frå fyrste del. Eit fint, ganske annleis, men òg passe famlande album. Det er kanskje litt for sterkt å kalle det for ein skuffelse, men det var i alle fall eit antiklimaks.
Men så. Spol fram i tid. Plutseleg er nok eit Marius Lien-album her. Og nokon må ta ansvar for å stille spørsmål, i dette tilfellet har denne nokon vorte meg: Er det fleire av han der ute? Og i så tilfelle, kor mange? Og kva er det dei et?
I mange retningar
Det skal ikkje vere mogleg å lage to så ulike album, ikkje berre i same karriere, men attpåtil i same år. Der The Woodland Songbook Part 2 er innovervendt og hemmeleg, er Sunset Solace ei begeistra og overskotsrik låtsamling som strålar i mange retningar, langt frå den trøystande solnedgangen tittelen kan gje inntrykk av.
I ein promofilm om innspelinga fortel Lien at Sunset Solace er «litt meir breitt» enn tidlegare, ei samling av all musikken han likar. Det er både «bra og originalt», seier Øystein Greni i same promo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.