Meisterleg attdiktingVår store attdiktar har vore på Island. LyrikkJOHANNES GJERDÅKER:Glimesteinar frå islandsk visetradisjon
Vår store attdiktar har vore på Island.
Ei ny samling attdiktingar av Johannes Gjerdåker (f. 1936) er ei stor hending i norsk lyrikk. Som den største nolevande attdiktaren i Noreg har han teke imot mellom anna Bastian- og Kritikarprisen for attdiktingar i bunde form frå latin og persisk, engelsk, tysk og islandsk, av poetar som Horats, Khayyam, Hafiz, Shakespeare, Nietzsche, Wilde og Robert Burns, Paul McCartney og Joni Mitchell.
VOKAL- OG STAVRIM
No har han samla attdiktingar av kortdikt skrivne i den islandske viseforma ferskeytla (firhjørning). Arbeidet går heilt attende til Gjerdåkers fyrste opphald på Island i 1950-åra, der viseforma har overlevd i 700 år, og peiker på tradisjonar som ikkje overlevde i Noreg. Forma er ein kvartett, eit kortdikt på fire liner, gjerne skrive som eit visdomsvers, i slekt med det norske gamalstevet.
No er ikkje gamalstevet så gamalt som ein kunne tru, for med det kom europeisk dikting og enderimet inn i litteraturen vår. At steva opphavleg hadde norrøne stavrim, kan nettopp den islandske viseforma tyda på, for ho kombinerer vokal- og stavrim, ny og gamal tid, slik me òg har nokre døme på i norsk mellomalderdikting.
Det er ein krevjande kombinasjon som stiller høge krav til poeten, og ikkje mindre høge til attdiktaren. På dei fire linene er det eit dobbelt vokalrim, men òg eit dobbelt stavrim. Slik syner attdiktaren at han ikkje berre er historikar og filolog, men diktar sjølv, og noko så sjeldsynt no for tida som ein meister i metrikk.
Meldaren må seia seg samd med den Bergen-busette islendingen Bergsveinn Birgisson, doktor i norrøn filologi og forfattar av bøker som Svar på brev frå Helga og Den svarte vikingen, når han skriv i etterordet i Glimesteinar: «Det overgår mi forståing at det er mogeleg.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.