Musikk
Meisterens metode
For Kirnberger var J.S. Bach på alle måtar den største musikaren.
Det tyske ensemblet NeoBarock held eit jamt høgt nivå.
Foto: Patrick Essex
Det tyske ensemblet NeoBarock har gjennom fleire album utforska dei kompositoriske omgjevnadane til Johann Sebastian Bach (1685–1750). Ros til dei for det; dei fleste spelar jo berre inn nye versjonar av dei same, gamle Bach-verka.
Denne CD-en frå 2009 er vigd Johann Philipp Kirnberger, nærare bestemt dei seks triosonatane hans som er overleverte i manuskript ved Staatsbibliothek Berlin. NeoBarock stod for den aller fyrste innspelinga av desse verka for to fiolinar og basso continuo (besifra bass, spelt av cello og cembalo eller orgel). Eg har opplevd ensemblet live ved fleire festivalar i Tyskland og hugsar at profesjonaliteten til dei relativt unge musikarane imponerte. Også på albumet held spelet eit jamt høgt nivå. Det same kan ikkje alltid seiast om komposisjonane.
Kven var så Johann Philipp Kirnberger, og kva hadde han med Bach å gjera?
Prinsesselærar
Kirnberger er meir kjend som teoretikar enn som komponist. Han var fødd i Thüringen i 1721 og drog kring 1740 til Leipzig for å studera hjå Bach. Møtet prega han livet ut. Etter mange år som musikar hjå ymse polske adelsmenn enda han opp i Berlin, der han blei lærar og musikkbibliotekar for prinsesse Anna Amalia av Preussen. Her samla og publiserte han mange Bach-verk og bevarte dei slik for ettertida.
For Kirnberger var Bach både den beste komponisten, utøvaren og læraren. Men han etterlét seg inga lærebok eller noko teoretisk traktat. Dette ville Kirnberger bøta på gjennom undervisning og teoretiske publikasjonar etter «Bachs metode». Intensjonen var nok oppriktig, men han møtte kritikk i samtida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.