Meir enn ein underhaldningsforfattarAnne Karin Elstad har stadig noko viktig å seie oss om fridom og sømd, meiner biograf Hilde Hagerup.

Anne Karin Elstad har stadig noko viktig å seie oss om fridom og sømd, meiner biograf Hilde Hagerup.

Forfattar Anne Karin Elstad då ho var til stades på messa Bok-88 i oktober 1988.
Forfattar Anne Karin Elstad då ho var til stades på messa Bok-88 i oktober 1988.
Publisert

I denne første biografien om Anne Karin Elstad (1938–2012) skriv Hilde Hagerup at det nok hende forfattaren blei spurt av kollegaer eller forlagsfolk om ho skreiv på ein ny bestseljar. Då svara ho stramt at ho skreiv på ein ny roman. Eit skrivande samleband av bestseljarar ville ho ikkje vere.

Nettopp dette er eit viktig poeng i Hagerups biografi. For ein lettvint underhaldningsforfattar måtte ho vel vere, når bøkene hennar selde så godt, heilt frå den formidable debuten med Folket på Innhaug i 1976? Elstad blei ein av Noregs mest lesne forfattarar frå midten av 1970-åra og framover, med eit samla opplag på 2 millionar.

Grundig forarbeid

Men ho kom ikkje lett til suksessen. Hagerup gjer mykje ut av å vise kor grundig research Elstad gjorde for dei historiske romanane sine. Alt måtte vere pinleg korrekt, og ho brukte mykje tid og krefter på å lese seg opp på kulturelle, sosiale og andre relevante tilhøve på 1800-talet, så som klesskikkar, innreiing, matstell og gardsdrift. Med utgangspunkt i det ho slik fekk visst, blant anna gjennom oppteikningar om si eiga ætt, såg ho føre seg korleis ei fiktiv fortid kunne vere.

Ho kjende dessutan til mykje av fortidas skikk og bruk frå sitt eige liv på heimegarden på Nordmøre. I 1940- og 50-åra sleit kvinnene tungt på gardane, som ofte var utan innlagt vatn. Det var klesvask i bekken, tungvinn fjøsdrift og framleis mange fødslar. (Elstad hadde fem søsken.) Som 12-åring måtte ho overta husmorrolla då mora døydde. Dette sette djupe spor både i henne sjølv og i mykje av det ho seinare skulle skrive, der ho hylla dei sterke, men ofte usynlege kvinnene i slektsledda før henne.

Elstads samtidsromanar byggjer òg mykje på eigne røynsler. Hjerneslaget som er skildra i Maria, Maria (1988), og mykje av kjærleiksproblematikken i bøkene hennar, mellom anna skilsmisse, var noko ho opplevde. Men Hagerup legg vekt på at Elstad òg viste både psykologisk innsikt og evne til å smi gode historier.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement