Teater
Meininga med livet er kjærleiken (kanskje)
Morten Abel har gitt Rogaland Teater frie hender i omgang med låtane sine. Resultatet er ein lettbeint og sprø komedie.
Kvart dyr får ein monolog og talar rett til publikum. Frå venstre Mareike Wang, Amund Harboe, Nina Ellen Ødegård, Heine Røise, Anders Dale, Marianne Holter, Siri Black Ndiaye og Matias Kuoppala.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Morten Abel fekk gjennombrot tidleg på 1980-talet med bandet Mods og gjorde suksess som vokalist i Stavanger-bandet The September When. Han vart soloartist og har vunne fleire spellemannprisar. Kva gjer eit teater når artisten seier «her er låtane mine, lag ei teaterframsyning»? Korleis få ni songar, om til dømes forelsking, uvêr og livsangst, til å bli ein heilskap på scenen?
Rogaland Teater har henta nokre hotte danskar til Stavanger for å skape Spør skogen. Ein desperat popkomedie. Scenograf Julian Juhlin har lukkast aller best med bidraget sitt. Han lèt sju skodespelarar gli og danse mellom trestammar laga av svartkvite stoffremser: sauen, oksen, hanen, snigelen, frosken, puddelen og ugla. Dei surrealistiske dyrehovuda vert tekne av når skodespelarane syng. Mest lattervekkande er snigelen. Anders Dale tassar berrføtt av garde med ørsmå steg. For eit syn!
Dramatikar Nanna C. Bang har skrive tekstar som bind songane saman. Ho har valt ein undrande og ironisk stiltone med hyppig bruk av ordet «kanskje». Kvart dyr får ein monolog og talar rett til publikum. Ugla (Mareike Wang) pratar om kor krevjande det er å vere gravid, få barn og bli fanga i tidsklemma. Nokre monologar (ugla) kjennest for lange, andre treffer spikaren på hovudet. Det finst ein skøyr tråd: Angsten for å leve og lengten etter kjærleik. Når tråden nesten ryk, reddar regissør Niels Erling seg vidare ved å late eit dyr seie «kanskje vi skal ta ein song no?». Så syng snigelen September When-låten «Cries Like a Baby». Rørande, rett og slett.
Komponist Markus Artved har sydd låtane saman på utmerkt vis, men framføringane er ujamne. Eg ville likt å høyre meir av den høgt kompetente Wang (ugla). Det er ein akilleshæl for eit teaterensemble når alle må synge. På den andre sida – bodskapen i tekstane er at me skal tole det ufullkomne og ikkje stille så perfeksjonistiske krav.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.