Film

Medviten meditasjon

Mange små grunnar gjer Gunda til ein stor sensasjon.

Gunda gjeter ungane sine.
Gunda gjeter ungane sine.Gunda gjeter ungane sine.
Publisert

Dokumentar

I ein og ein halv svartkvit time følgjer me grisen Gunda og andre dyr på Grøstad gard utfalda seg ute og inne i den vakraste filmen om gardsdrift du nokosinne kjem til å sjå.

Vis gris

Suksessformelen til Disney har sidan starten vore å putta menneskelege eigenskapar over på søte dyr og dermed laga ei uslåeleg blanding som går rett til hjarta. På underleg vis skjer litt av det same i Victor Kossakovskys fluge-på-fjøsveggen-film, berre utan manipulasjon.

Ingenting er meir boblande energisk enn eit kalveslepp, og lite verkar meir roande enn synet av grisungar som søv bedageleg ute i sola eller som strekkjer seg for å fanga regndropar med munnen. Ikkje eit ord vert ytra i heile filmen, og ord har sjeldan vore meir overflødige.

Ein må berre innstilla seg på halvannan time der pulsen senkar seg i takt med dei sovande ungane til Gunda. Fabelaktige Gunda, med si blanding av uhyrlege og vernande instinkt, med sine overraskande vakre auge og ei stoisk ro ein berre kan misunna henne. Så har også Gunda det enormt bra der ho tassar inn og ut av grisehuset sitt som ho sjølv lystar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement