Bok

Medrivande boksogeskriving

Tor Eystein Øverås har skrive eit imponerande verk, som likevel kunne ha vore meir analytisk.

Publisert

Tor Eystein Øverås er ein sterk litterær essayist. Han har skrive seg inn ein essaytradisjon for å skape subjektive, ofte dømeorienterte alternative blikk på kulturen; han skaper vinklingar ut frå eigne røynsler, irekna leserøynsler, og personlege opplevingar.

No har han grunda over det fenomenet at i tretti–førti år fekk jamt nye grupper tilgang til å byggje seg boksamlingar for lite pengar. Typiske lesarar, opplyser Øverås (s. 242), var naturleg nok «unge mennesker med mer og mer utdanning». Autodidaktar fekk det òg lettare, sameleis dei som skrudde i hop pensum på alle utdanningsnivå.

Eitt fenomen vert lite drøfta, sjølv om det vert nemnt mange gonger, nemleg «det redigerade samhället», med eit uttrykk skapt av den svenske maktutgreiinga (1985–1990). For det fyrste kunne vi gjerne gå etter dei samla redaksjonsprinsippa for Fakkel-bøkene; å selje bøker er ikkje heilt som å selje fiskepudding – sjølv om ein skal ha noko for kvar smak. Og smaken vert til dels spennande diskutert.

Børs og katedral

Tilhøvet mellom børs og katedral er sjølvsagt underliggjande. Særs verdfull er diskusjonen om marknad og visuell utforming. Det visuelle inntrykket er vel så internasjonalt som tekstutvalet. Øverås gjer eit pionerarbeid ved å leggje så stor vekt på bokkunsten, i omslag, layout og utstyr. Billegbøkene, især dei til Gyldendal, dreiv oss framover mot ei multimodal verd og gjorde oss sensitive overfor nye uttrykk; meiningsfylden oppstår i tilhøvet mellom teiknsystem.

Kva gjorde så inntrykk? Øverås kjem inn på lesarreaksjonar og endringar i lesevanar; om desse endringane i nyare tid veit vi diverre altfor lite. Her kunne det ha vore mon i å gå lenger i diskusjonen omkring redaksjonelle prinsipp, især sidan Øverås klårt syner korleis Lanterne-bøkene var vel så konservative og gjorde klassikarar til grunnstamme, der det vart lønsamt og ærefullt for nye forfattarar å få innpass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement