Medelsvenssonsk magi

Roy Andersson er seg sjølv lik. Det er fantastisk.

Filmen har eit klassisk Roy Andersson-uttrykk.
Filmen har eit klassisk Roy Andersson-uttrykk.
Publisert

Med En due satt på en gren og funderte på tilværelsen runda Roy Andersson av ein trilogi i 2014. Då skrytte eg av at han heldt stø kurs med dei absurde tablåa med mutte menneske, utan å ty til nye triks. No har han laga ein film som nokre seier er reine samlinga av høgdepunkt frå trilogien. Altså lite nytt under svenske skyer. Det er kjekt.

Alt blir bra

Kvar gong nokon slår fast at «det är inte roligt», ler eg godt. Vanlege menneske er karikerte i kjend anderssonsk stil.

Høgdepunktet er ein kar som i ein grå bar utbasunerer at alt er fantastisk. Spake sjeler snur seg skeptisk. Stemninga er som om nokon skulle ha freista overtyde omgjevnadene om at alt blir bra når alt heilt klart raknar. «Jo, jo», svarar dei, som for ikkje å øydeleggje illusjonen.

Fornøyeleg nitrist

Bileta er reinskorne og stiliserte. Alt er traust og trist. Alle fargane er grenselaust gråe, blast brune og kaldt blåe. Alle er bleike og tafatte. Dei statiske bileta held seg med tålmod. Små daglegdagse lydar bryt stilla. Klirring i eit glas, knirking i ein stol, eit sukk. Ein prest som har mista trua, har mareritt om Via dolorosa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement