Med utsyn mot Akropolis

Liljene på stranda er ein god roman om minne, aldring, kjærleik og identitet.

Rønnaug Kleiva har skrive ein god og inspirerande roman.
Rønnaug Kleiva har skrive ein god og inspirerande roman.
Publisert

Kven er du i medvitet til andre, i minnet til einkvan du sjølv minnest, kven skal hugsa deg, korleis og kor lenge? For somme tykkjest slike spørsmål viktige, og stadig viktigare med tida, i det minste så lenge ein hugsar dei. Men dei tapar seg ille med gløymsla.

Rønnaug Kleiva har skrive ein god og inspirerande roman om mellom anna slike ting. Hovudpersonen er ei kvinne, og lesarane er nok ikkje heilt på viddene om dei trur at ho har eitt og anna sams med forfattaren. Derimot er dei i Hellas, til tider med utsyn mot Akropolis, rimelegvis det Akropolis som ligg i Athen. Der er me først med denne kvinna i 1990. Ho møter ved slump ein gresk mann ho skildrar som eldre, men tydelegvis med ei viss tiltrekkingskraft. Popularitet, eller i det minste vørdnad, er også mellom det ein kan kalla aktivuma hans, derimot er han ikkje kvalifisert til å nemnast ved namn, så i notata mine har eg kalla han Anonymos Inkognitis.

Truverdig skildra

Kvinna kjem snart riktig så nær han, dei to fører interessante samtaler, og det kjem mellom anna fram at han har vore fange på ei øy ikkje langt frå staden der han bur. Dei reiser ut til denne øya, og snakkar saman om liv, lagnad og kjærleik. Alt er skildra effektivt og truverdig, og båe personane vert portretterte ved det dei seier, men ho vert det i tillegg av det ho tenkjer, og det ho minnest, for ikkje å snakka om det ho ikkje hugsar.

Me møter henne att i 2015, ho reiser til Hellas igjen, og den framande, som slutta å vera framand og vart elskaren hennar, kan ikkje ha vore så stavgamal i 1990, for han er framleis i live, og han minnest henne vel. Eller gjer han eigentleg det? Han hugsar i alle høve slikt ho sjølv ikkje veit det minste om, men ho veit at minnet hennar er lunefullt, så ho protesterer ikkje så veldig mykje.

Etter kvart i romanen ser me dessutan at ho har klart å inkorporera delar av biografien til den gamle elskaren i sitt eige liv, mest tydeleg gjeld det nokre liljer som voks på stranda på fangeøya. I minnet hennar seinare låg stranda nær heimen hennar i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement