Musikk
Med uro i hjartet og rust i røysta
Etter 20 år bak utanlandske bandnamn tek Tor Thomassen no mikrofonen i eige namn – på tromsødialekt.
Han har jobba lenge. No fortener Tor Thomassen å skine.
Foto: Christian Lein Størmer
Tromsøkvintetten Vishnu var eitt av fleire norske rockeband som prøvde å finne fram i det same mørkeret som slit og riv i Nick Cave. Slik for så vidt mange engelskspråklege norske band gjorde ved tusenårsskiftet og Sivert Høyem framleis styrer med. Hausten 2004 vart dei éin av tre vinnarar av musikkonkurransen Zoom, etter at dei knapt kunne spele eitt år tidlegare. Soga vil ha det til at dette var så labre musikarar at dei måtte lage eigne låtar – å spele andre sine var ikkje eit alternativ. Etter nokre år vart Vishnu uansett lagt ned, slik band gjerne vart før i tida.
Vokalist og låtskrivar Tor Thomassen gjekk vidare til The Late Great. Namnet nikkar til Townes van Zandt-albumet The Late Great Townes van Zandt, det med «Pancho and Lefty». Eit nokre hakk meir folkrocklystig band, med allsongvenlege refreng og smittande energi, framleis på engelsk.
Meir personleg
Dei seinare åra har Thomassen etter alt å døme kjent trongen til å setje nærare ord på kjenslene. Når han no debuterer under eige namn, er det på tromsødialekt. Med ein entusiasme som ikkje berre står i stil med banda han kjem frå, men som gjer Thomassen meir personleg.
I 22 år har han framført eigne tekstar på engelsk, ofte med meir enn ei aning av melankoli. Sjølv om tromsøværingen fram til han vart myndig knapt hadde sunge, verken i dusjen eller framfor ein mikrofon.
«Utålmodige hjerte» opnar med ei klagande røyst som verkar på nippet til å kollsigla, i ein medviten monoton ballade. Tittellåta verkar meir som eit førespel enn ein intro. Albumet er ikkje verkeleg i gang før den same alarmfløyta som Bob Dylan nyttar på «Highway 61 Revisited», kvin på «Nattas vind e hjemløs».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.