Bok
Med tung bør på almanakken
Lars Saabye Christensen tek kjøkkenrealismen til eit nytt nivå.
Lars Saabye Christensen har ein lang forfattarskap bak seg, og bøkene hans er omsette til 36 språk.
Foto: Cappelen Damm
Gerd Minde bur i Munkedamsveien 21 i Oslo, nær jernbanelina, året er 1975, ho er gift med Gerhard, ein beisk betrevitar som er tilsett i Idun Forsikring, og dei har ein mutt son som heiter Kai, og som endeleg skal flytta opp til Sogn studentby, noko han får hjelp til av kameraten Tim. Dette er noko av fundamentet i den nye romanen til Lars Saabye Christensen.
Vedlegg
Gerd er heimeverande husmor og, slik det då var for mange, eit slags vedlegg til ektemannen, økonomisk, sosialt og juridisk. For berre femti gode og vonde år sidan. Lars Saabye Christensen skildrar dette absolutt innforstått, tilhøva vert ikkje presenterte som raritetar, føresetnadene er til stades utan nemnande opposisjon.
Gerd held seg mest på kjøkkenet, ho gjer husarbeidet samvitsfullt, verda er ordna og på ein måte ubrigdeleg. Men ho skriv dagboksnotat i almanakkar frå firmaet mannen er tilsett i, og der skriv ho kvar dag, år ut og år inn små, trivielle bulletinar om det kvardagslege. Ho går elles stundom til ei alkoholisert frisørdame, og no og då er det syklubb der ingen syr, ei samling av kvinner på same alder og med same status.
Etter kvart skjer det ting som bryt med monotonien. Gerd vinn ein stor pengesum i Pengelotteriet, men har pengane i kontantar i ein bankboks, før ho seinare finn ei anna mellombels løysing, og ho teier om saka. Sonen Kai er ute for ei ulukke han gjer mykje ut av, og ei stund ser det ut til at han er ein åndsbror av Bjørn Hansen hjå Dag Solstad. Til liks med mange personar i boka er han ikkje først og fremst sympatisk.
Dårleg stemning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.