Bok

Med Russland i nedtur og opptur

Halvor Tjønn er i ferd med å skrive den fyldigaste russlandshistoria vi har fått på norsk.

Utsnitt frå Vasily Surikov (1881): «Morgonen for Streltsar-avrettinga». Streltsarane var ein krigarkaste som gjorde oppreist mot Peter den store, sist i Moskva 1698, og målarstykket skildrar blodbadet det enda i. Til høgre Peter den store som patruljerer rettarstaden til hest.
Utsnitt frå Vasily Surikov (1881): «Morgonen for Streltsar-avrettinga». Streltsarane var ein krigarkaste som gjorde oppreist mot Peter den store, sist i Moskva 1698, og målarstykket skildrar blodbadet det enda i. Til høgre Peter den store som patruljerer rettarstaden til hest.
Publisert

Band nummer to i Halvor Tjønns store Russlands-historie heiter Det russiske imperiet – fra sammenbrudd til triumf og dekkjer grovt sett 1600- og 1700-åra. Bandet byrjar med døden til tsar Ivan den grufulle, så «samanbrot» høver godt som opning av soga. Det er heller ikkje berre tsaren som er avliden, heile herskarslekta døyr ut så, riket ligg som eit herrelaust vrak med rovgirige grannar, Polen og Sverige, krinsande rundt.

No gjekk det ikkje reint gale med Russland, veit vi; verre gjekk det etter kvart med grannane. I Moskva var eit nytt dynasti på plass i 1613, og då det òg døydde ut i St. Petersburg eit halvhundre år seinare, var utviklinga komen så langt at kvinneledene vert rekna med. Då Peter den stores dotter Elisabeth gjekk bort i 1761, kunne dermed systersonen Peter III, etter tradisjonell dynastirekning ein oldenborgar, utan vidare overta trona. Det fekk han likevel ikkje mykje glede av, for eit halvt år seinare vart han drepen. Dermed kan vi godt seie at boka endar med samanbrot òg, men den ulukka gjeld fyrst og fremst den arme keisaren. Enkja, som overtok riket, kunne i sin tur feire triumfar, men det høyrer til i neste bandet av historieverket til Halvor Tjønn.

Lukke og ulukke

Det er likevel meir enn stoff nok i det aktuelle bandet òg – både av lukke og ulukke. Då huset Romanov omsider er vel på plass, går det oppover, og toppunktet blir Peter den stores regjering 1682–1725. Som rett og rimeleg er, er det Peter med herferder og reformer som får den største bolken i heile boka. Etterpå kjem nedturen, Peter drep sin eigen son og tronfylgja vert flokut. Ein skal halde tunga rett i munnen om ein vil henge med i svingane, og ikkje gløyme at Peter III er syskenbarnet til Peter II, endå det ligg to velvaksne regjerande keisarinner og ein liten keisar mellom dei. Og så har vi alle krigane med svenskar, polakkar og tyrkarar, som Tjønn fortel om med ein sann rikdom av detaljar.

Den som skriv historie, må velje om han skal leggje hovudvekta på tilstand eller hendingar. Og Tjønn vel det siste; det er der spenninga er å finne. Kva russarane tenkte på 1600- og 1700-talet, får vi vite lite om, og det same gjeld kva dei åt og drakk, korleis dei budde og kledde seg, kva dei song og kva dei samtala om. Det er når langsame prosessar toppar seg i skarpe brot, Tjønn må ta dei med i flaumen av handlingar, som når tsar Peter klipper skjegget av bojarane. Ei hending som grip djupare, er patriark Nikons liturgireformer midt på 1600-talet, for dei er opphavet til eit kyrkjeskisma som ikkje er lækt til denne dag. Tjønn ofrar ikkje så liten plass på Nikon, men han gjeld mest kompetansestriden mellom patriark og tsar. Kvifor det skulle vere så ille å korse seg med tre fingrar i staden for to, endå meir kvifor russarar i tusenvis valde å gå i elden (bokstaveleg tala) framfor å godta brigda i gudstenesta, får lesaren inga djupare innsikt i. Det ville krevje eit anna perspektiv enn det Tjønn har valt.

Russisk kultur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement