Musikk

Med fin pensel

Chiaroscuro Quartet briljerer i Beethovens fyrste strykekvartettar.

Originalinstrumentensemblet Chiaroscuro Quartet.
Originalinstrumentensemblet Chiaroscuro Quartet.
Publisert

CD

Ludwig van Beethovens (1770–1827) Seks strykekvartettar, op. 18, var hans fyrste bidrag til ein sjanger som då samlinga kom ut i 1801, gjekk for å vera den mest subtile og intellektuelle i musikken. Verka blei gjevne i oppdrag av fyrst Franz Joseph von Lobkowitz, ein av Wiens fremste mesenar, som i sitt storsinn andsynes kunstnarar øyda den fyrstelege familieformuen. Mot slutten av livet sat han att med ubetalte rekningar, pantsett eigedom – og ein sikker plass i musikkhistoria.

Innlegg i ordskiftet

Strykekvartettane i opus 18 kan oppfattast som Beethovens innlegg i det musikalske ordskiftet om kva god musikk er. Haydn og Mozart hadde med sine sjangerkonstituerande kvartettar sagt sitt. Beethovens bidrag føreslår ein veg vidare. Av dei mange innspelingane tykkjer eg den til Chiaroscuro Quartet er mellom dei beste, særleg teknisk. Volum 1 med dei tre fyrste kvartettane kom i fjor haust. No er volum 2 her.

Ensemblet er internasjonalt: Russiske Alina Ibragimova og spanske Pablo Hernán Benedí trakterer fiolinane, svenske Emilie Hörnlund bratsjen og franske Claire Thirion celloen. Gamle instrument frå mellom 1570 og 1780 blir nytta, med tarmstrenger og den typen boge som var vanleg på Beethovens tid. Dette gjer Chiaroscuro Quartet til eit såkalla originalinstrumentensemble.

Herleg syntese

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement