Litteratur
«Me saknar ein slik etikk i våre skular»
Sundag. Svalt, stilt. Ser ut til å verta ein fin dag. Boki til Aage Marcus lokka meg til å ta fram ei bok som eg har havt i mange år men aldri lese: Sayings of Confucius.
Ein amerikanar, James R. Ware, har gjort umsetjingi, og ho skal vera ordrett, stend der på umslaget.
Forvitneleg lesnad. Her kjem det, mykje av det som Goethe og Nietzsche talar um: dei har nok lese Confucius.
Han har sikkert vore kjend og lesen lenge i Europa. Confucius snakkar stødt um «den store mann». Ein stor mann gjer slik, tenkjer slik. Stundom heiter det «dei beste menn». Og det er merkjeleg! Slike tankar, slike mål har gode folk alltid havt, endå dei ikkje har lese eller fenge noko høgare daning. (Men då er dei dana, segjer Confucius.)
Det er noko som manneætti ber på, ein sams arv som talar i ordi av den kinesiske vismannen. Men som sagt, det slær meg kor mykje av dette eg har funne hjå Goethe og Nietzsche, dei tvo eg nett har sysla noko med i dei siste åri. «Man-at-his-best» er mæle-staven for Confucius. Og det er ikkje nokon dårleg mælestav.
Eg kom til å tenkja på ein ting då eg las gjenom Sayings of Confucius: Me saknar ein slik etikk i våre skular. Ungdomen lærer mangt og mykje, men levereglar og verdsetjingar kjem dei ikkje i kontakt med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.