Musikk
Martialsk mikkelsmess
Solomon’s Knot i Nikolaikirche.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Den andre konserten til engelske Solomon’s Knot under årets Bachfest stadfesta at dette var det mest særprega av orkestera. Utan dirigent, og utan notehefte i hende, greier solistane å tilføra barokkmusikken noko nytt: Det velregisserte, men likevel ukunstla uttrykket deira når publikum beinveges, og sidan dei – som i eit barokkteater – har augo fast festa på tilhøyrarane, blir skiljet mellom scene og sal liksom oppheva.
Temaet for konserten i Nikolaikyrkja var mikkelsmess, kyrkjefesten 29. september til minne om erkeengelen Mikael. Bachs kantatar om denne krigarfyrsten som i Johannes’ openberring sigrar over djevelen i drakeform, er alltid martialske, noko som i barokkmusikken tyder plenty bruk av paukar og trompetar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.