Bok

Mars og Venus

Alba de Céspedes skriv medrivande og hardtslåande om italiensk kvinnesak.

Alba de Céspedes (1911–1997) var ein kubansk-italiensk forfattar og politisk aktivist som hadde stor internasjonal suksess i 1940- og 1950-åra.
Publisert Sist oppdatert

Alba de Céspedes var skribent og journalist og skreiv bøker med feministisk brodd som vekte oppsikt på 1940- og 1950-talet. Kanskje fordi den vidgjetne Elena Ferrante har løfta fram de Céspedes som ein av fleire inspirerande italienske kvinnelege forfattarar (ei anna er Natalia Ginzburg), har de Céspedes’ bøker fått nye utgivingar dei siste åra. Pax-utgivinga av Hennes side av historien er framifrå omsett av nyleg avlidne Astrid Nordang.

Dette er på alle måtar ein stor roman. Særleg første del gjorde meg særs begeistra. Forteljinga er av den typen ein kan bli oppslukt av og forsvinne inn i, der interessante karakterar med eit komplekst kjensleliv gjennomlever intense drama i eit eksotisk miljø. Dessverre greier ikkje de Céspedes heilt å halde på den medrivande stilen gjennom alle dei 500 sidene.

Forelsking og drama

Alessandra Corteggiani veks opp i lågare mellomklasse i Roma på 1930-talet. Mora er konsertpianist, faren kontortilsett. Det vil seie mora har vore profesjonell pianist og drøymer om nye sceneopplevingar, men må nøye seg med å gi timar i pianospel for å fø familien. Foreldra er motpolar på alle vis, noko som blir spegla i Alessandras relasjon til dei. For mor si nærar ho respekt og kjærleik, for faren kjenner ho ei så djup forakt at det er vondt å lese om og tidvis også å tru på.

Når mora forelskar seg i ein rik kunstnar, er dottera totalt på hennar side og støttar planane om å rømme med den utkåra. Ikkje uventa set mannen hennar seg på bakbeina, sperrar henne inne og gjer livet vanskeleg og trist. Etter ei tid endar far og dotter opp toeine, og faren sender Alessandra til slektningar i Abruzzo. Dette er rett før andre verdskrigen bryt ut.

Gjennom Alessandras auge blir lesaren kjend med det rurale livet i Italia på 1930- og 1940-talet med sine eldgamle patriarkalske tradisjonar. Den spirande fascismen står òg sterkt her. Likevel finst mektige kvinner, Alessandras bestemor er «la padrona». I sonedottera ser ho etterfølgjaren sin, slik at ho sjølv kan trekkje seg tilbake. Men berre om Alessandra giftar seg med den mannen familien har peika ut, og straks går i gang med å avle barn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement