Musikk
Mannsklisjear ut av vindauget
Ei ny musikkbok tek oss tilbake til Vest-Berlin i tiåret før murens fall.
Mania D – Gudrun Gut, Karin Luner og Bettina Köster fotograferte i Berlin i 1979.
Foto: Wikipedia
«Djupast sett var vi jazzkattar», seier Bettina Köstel om den frie, improviserte musikken ho laga saman med Beate Bartel og Gudrun Gut i bandet Mania D. (1979–1980), i ein samtale mellom dei tre i ei bok som kom i haust, M_Dokumente. «Det var som friteikning, men med lyd», legg Bartel til.
Alle var dei djupt kunstinteresserte. Dei nemner impulsar frå russisk konstruktivisme og dadaisme og ein glød for det abstrakte og det absurde. Frå pønken tok dei med seg den uredde eksperimentlysta og gav seg i kast med instrument dei knapt meistra, sjølv om dei var skolerte på andre.
Dei ulike prosjekta og konstellasjonane som følgde – og då særleg i banda Malaria! (1981–1984) og Matador (1982–1991) – vert skildra i M_Dokumente, som omfattar nyskrivne tekstar, intervju og ei rik samling arkivfotografi, i tillegg til anna viktig visuelt materiale av ulik art, frå det vitale kulturlivet i Berlin i det siste tiåret før murens fall. Bartel, Gut og Köstel, som stifta bandet Mania D. sommaren 1979 i vestre del av ein by delt av ein mur, står som redaktørar for boka.
Pønk og postpønk
Framføre meg har eg ein spelar og ein haug med gamle kassettar, skriv Gut i ein kort tekst: «Flashback to the 80’s!» Det kan kjennest rart å mimre over pønken og postpønken, som med slik kraft braut med det beståande, og også med det nostalgiske. Men alle kulturelle rørsler har sin eigen historikk, og det å vende tilbake til noko kan også innebere å sjå det på nytt. «It was thrilling and beautiful to slide back into the past», skriv Gut: «To rearrange and make sense of it.»
Av dei mange kapitla i rockehistoria som utspelar seg i Berlin, er nokre fortalde fleire gonger enn andre. Byen har ein sentral plass i karrieren til artistar som David Bowie, Iggy Pop og Nick Cave. Sjølv om ingen av dei vart buande der veldig lenge, så var dei der i ei tid då kulturlivet i særleg grad blømde, på 1970- og 1980-talet, ein epoke delvis dokumentert i Mark Reeders film B-Movie: Lust & Sound in West Berlin, 1979–89 (2015), der Malaria! også dukkar opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.