Musikk
Mannheimraketten
Johann Stamitz’ symfoniar treng meir pyroteknikk enn dette.
Den kurfyrstelege residensen i sørvesttyske Mannheim, der Johann Stamitz var konsertmeister.
Foto: Stefanie Eichler / Wikimedia Commons
Av dei som har eit evolusjonært syn på musikkhistoria, blir Johann Stamitz sett på som the missing link i utviklinga frå barokken til wienerklassisismen. Den skoledannande tyske musikkvitaren Hugo Riemann, til dømes, kalla han «opphavsmannen til den moderne konsertsymfonien».
Denne bøhmiske komponisten, som eigentleg heitte Jan Stamic, levde eit omflakkande liv som fiolinvirtuos, før han kring 1741 fekk tilsetjing som kammermusikar hjå kurfyrsten av Pfalz i Mannheim, der han nokre år seinare blei forfremja til konsertmeister. Her grunnla han den såkalla Mannheimerskolen.
Pangstart
Mannheimerskolen utnytta for fyrste gong orkesterets uttrykkspotensial slik me kjenner det frå symfoniane til Haydn og Mozart. Effektar som i dag er sjølvsagde, såg her dagens ljos, særleg «overgangsdynamikken», eit utkomponert crescendo der heile orkesteret dek del i ei stiging frå svært svakt til særs sterkt. (Barokkmusikken baserte seg på «terrassedynamikk», altså ei periodevis veksling mellom svakt og sterkt.)
Ein av Mannheimerskolens artigaste effektar var «mannheimraketten», som er ei raskt oppstigande tonerekkje med ein veldig crescendo. Denne kjem gjerne i opninga av fyrstesatsar – og reiv slik frå takt éin til seg merksemda til det temmeleg snakkesalige konsertpublikummet på 1700-talet.
Luft-til-bakke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.