Bok
Mannen utan ambisjonar
Debutanten Mario Araya reflekterer klokt over eksistensen.
Mario Araya har ein bachelor i nordisk språk og litteratur. Dessutan har han gått på forfattarstudiet i Bø og Talentskolens forfatterlinje i Danmark.
Foto: Sebastian S. Bjerkvik
Noko av erkjenninga mot slutten av debutboka til Mario Araya er at me lever av di me skal døy. Ein slik tanke er ikkje nett grunnlaget for joviale hurra-meg-rundt-tekstar, og det er då heller ikkje slik i dei seks novellene, for ikkje å seie kapitla, som boka består av.
Sjølv om settingen er unik for kvar tekst, opplever ein at det er den same mannen som er hovudpersonen, og alt vert presentert frå perspektivet hans. Dermed er tekstane også som kapittel i ein roman.
I ulike situasjonar får me så oppleva hovudpersonen, som ein stad ser ut til å heita Albert, som elskar, med eksar og i andre relasjonar, med ein far han ikkje kjenner særleg godt, og med ei mor han kommuniserer delvis med. I teksten med mora er det ein særleg fin sekvens der det ikkje vert sagt noko, men ein forstår at i det usagde ligg det useielege, ein kjem ikkje til botnen av seg sjølv eller andre.
Definisjonskraft
Ein forfattar Araya nemner i desse tekstane, er Kjell Askildsen, og det ligg absolutt noko av han i denne boka, særleg der dei faktiske relasjonane kontrasterer med refleksjonane, som ofte er gode. Men lesaren kan òg komma i tankar om andre forfattarar, utan at Araya har kopiert noko av dei.
Hovudpersonen har noko sams med dei ein finn hjå Charles Bukowski, dei er grunnleggjande åleine i verda, sjølv om dei i episode etter episode er i lag med andre. Alkohol er dessutan ein viktig ingrediens, den unge mannen hjå Araya drikk for mykje, og veit det. Lesaren lurer litt på korleis han finansierer det store alkoholforbruket, men får svar på spørsmålet i den siste teksten, som seier det ein elles kan lesa på baksida av boka, men det gjer ein jo sjølvsagt ikkje!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.