Mannen som strevar åleineMålet for forfattaren er tydelegvis ikkje å gje eit bilete av Kristeleg Folkeparti. Han vil vise eit bilete av ein som søkjer å gjera det gode.

Målet for forfattaren er tydelegvis ikkje å gje eit bilete av Kristeleg Folkeparti. Han vil vise eit bilete av ein som søkjer å gjera det gode.

Partileiar Knut Arild Hareide då han heldt tale til landsstyret i KrF førre fredag.
Partileiar Knut Arild Hareide då han heldt tale til landsstyret i KrF førre fredag.
Publisert

Då eg gjekk på skulen, fekk vi nokre gonger vitjing av misjonærar som fortalde frå arbeidet sitt i andre verdsdelar. Dei hadde alle ein særleg stil. Dei ramsa opp namna på ei rekkje menneske, utsende misjonærpar, innfødde døypte og andre personar som ingen av oss kjende, og som det vart knytt heller lite informasjon til, utover ei og anna kort historie.

Først lenge etterpå skjøna eg kva vitsen var. Misjonærane som snakka til skuleborna, bar fram vitnemål om dei som hadde verka for Guds sak. Guds kjærleik kjem til syne på jorda gjennom dei som står fram i hans namn. Vi andre skal lære av dei, og vi skal vitne om dei. Og vi skal følgje i deira fotspor.

Vitnemål i fleng

Knut Arild Hareides bok er fullstappa med vitnemål om folk som har bore Guds godhug med seg, både utanfor og innanfor Kristeleg Folkeparti. Faktisk flest utanfor. I så måte er dette er ei uvanleg bok av ein partileiar. Vi ser knapt skuggen av ein partiorganisasjon. Sitjande nestleiarar vert ikkje nemnde med eit ord, heller ikkje partisekretæren. Friviljuge valkampmedarbeidarar vert ikkje takka. Målet for forfattaren er tydelegvis ikkje å gje eit bilete av Kristeleg Folkeparti, men å gje eit bilete av seg sjølv, som ein som søkjer å gjere det gode.

Det lukkast han godt med. Han står fram som reflektert og vel orientert i verda, og samstundes fast grunna på verdiane i kristendomen. Han skriv om kristenplikta til å ta vare på einskildmenneske, på dei fattige og sjuke, og på verda som Gud har gjeve oss, på ein velartikulert og overtydande måte. Det skal ein forherda gudsfornektar til for ikkje å ta dette inn over seg. Og han er ikkje dårleg lesen opp på nyare forsking på mange felt. Det er ein gløgg og velmeinande mann som stig fram frå sidene i boka.

Men samstundes gjev boka eit bilete av ein mann som står åleine. Dette er boka om Knut Arild som strevar åleine. Han kjempar i einsemd for å velje det rette, og han trekker fram dei folka som kan tene som rettleiarar og førebilete, gjerne frå den andre sida av grava. Jon Lilletun vert gjeven mykje omtale. Kjell Magne Bondevik påfallande lite.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement