JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Mannen med dei gode intensjonane

Som forfattar syner Thorbjørn Jagland seg som både intelligent og kunnskapsrik. Men analysen vert skuffande overflatisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thorbjørn Jagland kunngjer at Jens Stoltenberg tek over som statsministerkandidat og parlamentarisk leiar av Arbeidarpartiet hausten 2000, og snart byrjar nedturen som andre bandet av Jagland-biografien handlar om.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

8330
20211029
8330
20211029

Sakprosa

Thorbjørn Jagland

År i fred og ufred. Memoarer fra et
politisk liv, bind II

Cappelen Damm

Ved stortingsvalet i 2013 greidde han det ikkje lenger. For fyrste gong i livet fekk Thorbjørn Jagland seg ikkje til å leggje lista til Arbeidarpartiet i konvolutten. Partiet som han hadde vakse opp i, og sjølv vore leiar for gjennom åtte år, kunne han berre ikkje røyste for. Med skjelvande hand putta han ei SV-liste i valurna, skriv han i andre bandet av sjølvbiografien som no ligg føre.

Den lina som partiet hadde slått inn på under etterfølgjaren Jens Stoltenberg, gjekk beint imot det som Jagland hadde trudd på og stridd for i meir enn 40 år. Borte var solidariteten. Internasjonalismen var lagd på hylla. Forskjellane auka mellom fattige og rike både i Noreg og i verdssamfunnet, og Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon såg ikkje ut til å bry seg. Statsminister Jens Stoltenberg hadde engasjert Noreg i bombing av Libya, utan mandat frå FN og i strid med folkeretten. Dette var langt frå dei ideala som partiet tidlegare hadde stått for. Jagland røysta etter sitt eige samvit. Dette kunne ikkje han vere med på.

Memoarane dekkjer åra frå 2002 til 2009, då Jagland var leiar for Stortingets utanrikskomité og deretter stortingspresident i fire år, før han vart vald til generalsekretær for Europarådet. Siste bolken handlar om tida i Nobelkomiteen og vert ført fram til Jagland gjekk ut i 2018.

Bombinga av Libya og SV-røysta i 2013 fell eigentleg utanfor ramma til boka, men for Jagland er det tydeleg viktig å få det fram. Åtaket på Libya var det grovaste nokon leiar av Arbeidarpartiet hadde vore med på, utan mandat frå FN og utan mandat frå eige parti. Eg røysta ikkje mot partiet, skriv Jagland. Partiet ville aldri ha gått med på dette om leiaren hadde opna for ein intern debatt.

Forfall

Kort fortalt handlar boka om forfall. Det meste har gått gale, både heime og ute i åra frå 2002 til i dag. «Gode Gud. For en kata­strofe», bryt Jagland ut i sluttkapittelet, skrive medan Afghanistans regjering ramla saman – etter Irak, Syria og Libya. Sjølv ikkje røysta til SV i 2013 hadde hjelpt.

Det skal godt gjerast ikkje å kjenne sympati for Jagland slik han presenterer seg i boka. Engasjementet for dei sakene han trur på, er ekte. Det viktigaste er å ta vare på dei som har lite, og særleg dei som ikkje har gode føresetnader for å greie seg på eiga hand. Nauda i verda kan vi ikkje berre sjå på. Jagland er prinsippfast. Menneskerettar kan ein ikkje kompromissa med. Og verdsfreden er kan hende det viktigaste av alt. Konsekvent tilhengjar av EU er han på idealistisk grunnlag, same kor håplaus EU kan syne seg frå dag til dag. Ved å løfte i flokk kan vi få til utrulege ting. Politikk nyttar.

Boka er ein statsmanns memoarar. Som leiar av utanrikskomiteen, stortingspresident, framståande tillitsmann i Den sosialistiske internasjonalen – og meir til – framstiller Jagland likevel seg sjølv meir som tilskodar enn som deltakar i verdspolitikken. Kjensla av avmakt dominerer. Han gjorde så godt kan kunne. Men alt var fånyttes.

Kva var det som gjekk gale? Om han ikkje hadde nokon sterk leiarposisjon, var Jagland på ein unik post til å observere det som hende i verda, og reflektere over det. Og som forfattar syner han seg som både intelligent og kunnskapsrik. Men analysen vert skuffande overflatisk.

Boka namngjev heltar og skurkar. Den store skurken er USA, som provoserte fram kald krig ved å utvida Nato aggressivt mot aust, og gjekk til åtak på Irak og Libya i strid med folkeretten, med katastrofalt resultat. Tony Blair, som følgde ukritisk opp, står òg høgt på lista. Men ikkje så høgt som Israels regjering, som held Palestina okkupert og gjer all dialog med palestinarane umogleg.

Men kvifor er dei skurkar, og kvifor nyttar det ikkje å halde dei i taumane? Det skriv ikkje Jagland stort om.

Skurken Stoltenberg

På heimebane er det éin skurk som vert gjeve skulda for det meste: Jens Stoltenberg. Med han som leiar «gløymde» partiet dei verdiane det hadde stått for, og følgde Tony Blair. Skilnadene auka, og den politiske styringa vart svekt gjennom globalisering, privatisering og new public management. Eliten sikra seg høge inntekter og gav blaffen i dei svake. Statsråd Bjarne Håkon Hanssen håna dei hjelpetrengande. Til slutt skauv Stoltenberg Jagland ut or Stortinget. Han hadde fått nok av alle aviskronikkane frå Jagland som gjekk mot partileiinga, og sende han utanlands, forklarte Stoltenbergs venn Morten Wetland på TV i 2018, og Jagland tek det med i boka. I dei siste åra, som generalsekretær i Nato, går Stoltenberg i bresjen for opprusting og ny kald krig, denne gongen med Kina. Kunne det ha vore verre?

Blant heltane finn vi noko overraskande Tyrkias Erdogan. Rettare sagt: Han kunne ha blitt ein. Jagland drog til Ankara og fekk han på glid med å gje kurdarane status i Tyrkia på line med samane i Noreg, påstår Jagland. I dialogen mellom islam og Vesten kunne Erdogan ha spela ei nøkkelrolle. Men så kom USA og EU og øydela det heile. Det vart konfrontasjon og ikkje dialog. Obama òg venta Jagland noko stort av, og Nobelprisen skulle hjelpe til. Men så kom Libya.

Førebiletet

Det store førebiletet for Jagland er Willy Brandt, skriv han. Brandt innprenta dei unge at dei måtte lytte til folk. Jagland tek det på alvor. Vi må lytte på russarane og ikkje berre overkøyre dei. Vi må lytte på muslimane. Det er djupt tragisk at det ikkje kom til nokon dialog med islam, berre ein serie krigshandlingar. Mange vil vere samde med Jagland i det.

Men syner Jagland seg sjølv som ein som er god til å lytte, når vi les denne boka? Dei som ikkje er samde med han i politikken, høyrer han tydelegvis ikkje på, og slett ikkje dei i hans eige parti som har gått ein annan veg. Dialog med dei er nyttelaust. Og kva med veljarane? Det var ikkje motstandarar i eige parti, men dei norske borgarane som nekta å flytte inn i Jaglands «norske hus», som dreiv han frå statsministerposten i 1997, men dette ser ikkje ut til at Jagland har teke inn over seg. Jaglands oppskrift på ei betre verd er meir politisk styring. At andre kunne meine at det vart for mykje politikk og for liten personleg fridom, stiller han seg uforståande til.

Nostalgi

Gjev Jaglands memoarar gode argument for at meir politikk gjev betre løysingar? Det er ikkje innlysande. Skurkane i stykket er alle politikarar, mange av dei med overtydande mandat frå veljarane i heimlandet. Vi må gripe attende til ideologien, seier Jagland, der han leitar etter eit halmstrå av von. Vi må atterreise Noreg som eit industrisamfunn tufta på solidaritet, er hans framtidsvisjon. Som historikar er eg for min del skeptisk til at fortida skal vere løysinga for framtida. Dette vert nostalgi og ynsketenking.

Sjølvrefleksjon og sjølvkritikk synest Jagland heilt å mangle. Han er mannen med dei gode intensjonane. Andre får ta ansvaret for at det ikkje lukkast å realisera dei. Kritikk utanfrå vert blankt avvist. Nokre hevda at han ikkje burde sitje i Nobelkomiteen medan han var leiar i Europarådet. Lyttar Jagland? Nei. Jagland skjøner ikkje at nokon kunne meine slikt anna enn for å øydeleggje for han. På ei komitéreise «oppdaga» Jagland at hundretals millionar i u-hjelp til Afrika hadde vore sølt bort på unyttige prestisjeprosjekt og hamna i lomma på korrupte statsleiarar i tiår etter tiår. Dette måtte det straks setjast ein stoppar for. Tanken om at Noregs stats- og utanriksminister burde ha funne ut dette tidlegare, synest ikkje å streife Jagland. Det hadde ikkje mangla kritiske røyster som hevda dette lenge. Det hadde berre vore å lytte til dei.

Målet for politikken må vere å få til forpliktande og solidariske løysingar, både nasjonalt og i verdssamfunnet, skriv Jagland. For sin eigen del finn han det derimot heilt greitt å skrive og tale mot leiinga i sitt eige parti. Til og med å gje røysta si til eit anna parti. Her er det Jagland som har gløymt kva for verdiar Det norske Arbeidarparti i si tid stod for. Går alle sin eigen veg, er det slutt på forpliktande og solidarisk fellesskap.

John Peter Collett

John Peter Collett er professor i historie ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jaglands oppskrift på ei betre verd er meir politisk ­styring.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis