Film
Mannen i mørkret
Darkest Hour er eit tidstypisk og medrivande, men for enkelt krigsdrama om Winston Churchill.
Winston Churchill (Gary Oldman) sit i forhandlingar med den franske statsministeren.
Foto: Jack English / UIP
Eit kamera sveipar over det britiske underhuset før det krasjlandar i møte med realitetane: Året er 1940 og Det tredje riket har resten av Europa i kne. Den britiske statsministeren Neville Chamberlain (Pickup) er handlingslamma og snakkar om «fredsforhandlingar».
Nytt klipp: Flesket freser i panna, og glaset med brennevin blir fylt opp. Det er morgon hos parlamentspolitikaren Winston Churchill (Oldman), som snart er ny statsminister for ein brei koalisjon. Darkest Hour handlar om nokre intense dagar i mai 1940 då Europa stod på vippepunktet: Skulle ein berre føye seg for Hitler?
Det er dette spørsmålet Darkest Hour vier tida til. I kraft av å fokusere på eit relativt lite element i det store biletet er Darkest Hour sånn sett ein tidsriktig andre verdskrigfilm. Men først og fremst er dette ein historietime forkledd som melodrama. Gary Oldman er ein velfortent Oscar-favoritt for tolkinga av Churchill. Ikkje berre i lynnet og korleis han ter seg som den særeigne statsleiaren; framfor alt framviser Oldman den sarte og usikre sida hans, best vist i nære samtalar med kona (Scott Thomas).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.