Bok

Mannen i mellomsjiktet

Odvar Nordli tvilte alltid på om han var rett mann som statsminister.

Statsminister Odvar Nordli då han kunngjorde at han gjekk av, 30. januar 1981.
Publisert Sist oppdatert

I den nye biografien om Odvar Nordli får vi dokumentert Nordlis manglande evner som fremste mann i regjeringa. Med fakta på plass blir ettermælet knapt betre enn etter den omdiskuterte TV-serien Makta.

Odvar Nordli deserterte ikkje, han fall for eigen uvilje mot vervet, kjem det fram i boka, skriven av Tore Li. Mellomsjiktet i Arbeidarpartiet heia Nordli fram fordi dei ville nekte Reiulf Steen absolutt makt i Arbeidarpartiet da Trygve Bratteli gjekk av. Derfor delte partiet formannsvervet og statsministervervet, og Nordli vart sett til å leie regjeringa.

Politisk handverkar

Han treivst aldri som kaptein på laget i dei fem åra som regjeringssjef på slutten av 1970-talet. Han var politisk handverkar, ikkje politikkutformar, har han sjølv skrive i bøker om livet sitt, og det får Li med. Tida var full av uro. Vanskelege saker kom på dagordenen, som samespørsmålet, gjennom kraftutbyggingssaka i Alta, og motstanden mot å bore etter olje nordover langs kysten, etter den fatale Kielland-ulykka, som nærast knekte Nordli. Attåt var arbeidarpartimakta utsett for press frå ei meir og meir individualistisk tid.

For statsministeren gjekk det for seint med avgjerdene, han nølte for ofte. Og han følgde ikkje opp statsrådane godt nok. Som ein på innsida fortel: Under Nordli gjaldt lausgjengarlova, under etterfølgjaren Gro gjaldt den militære straffelova. Dette får vi fint fortalt.

Li lèt historia ta til med statsministeravgangen. Nordli var letta da. Det tunge ansvaret fall av skuldrene. Datoen var 4. februar 1981. Gro Harlem Brundtland var på førstesida i alle aviser, som sigerskvinna i det oppgjeret som for alltid endra Noreg. Frå da var Gro sjefen for eit gradvis anna arbeidarparti enn det partiet den mest kapable av dei grå materialistane i partiets midte hadde styrt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement