ManndomsprøvaJonas Carpignano hevar estetikken og held på kjenslene når han følger opp .DRAMARegi: Jonas Carpignano
Jonas Carpignano hevar estetikken og held på kjenslene når han følger opp Middelhavet.
Filmskapar Carpignano syner kjærleik for romane i skildringa av Pios veg til det vaksne liv og lojaliteten til familien.
Fjortenåringen Pio (Amato) er litt av ein type. Han stel, drikk og røyker som ein skorstein medan han går livets skule etter bestefarens påminning om at det er dei mot resten av verda. Dei er ein familie av romar i Calabria nære tuppen av Italias støvel. Når far og storebror blir fengsla, freistar Pio bli forsørgjar. Mora tvilar. Han vil ta steget opp og vise seg som ein mann på godt og vondt.
Brør med bør
Ein må ikkje ha sett debuten til Jonas Carpignano, Middelhavet, for å forstå eller setje pris på A Ciambra, men det lønner seg både for å sjå større samanhengar og for full emosjonell utteljing. Dette ein oppfølgjar der burkinske Ayiva (Seihon) går frå hovudrolle til birolle medan den vesle, sjølvsikre romguten frå første film tar rampeljoset. Vennskapen mellom dei to er meisterleg skildra. Storebrorssubstituttet Ayiva er den mest sympatiske figuren i filmen, men sjølv om han har smart sjarm, er sprengkrafta i unge Pio i fokus no.
Familien hans har null tillit til ordensmakta. Dei kjenner sin plass på utsida av samfunnet, men har like store fordommar mot afrikanarar som den jamne Lega Nord-veljar. Pio er nyfiken på det framande og open for ulike vegar. Han ser langt etter det moderne toget som susar forbi. Toget går nok kvart kvarter, men ingen kjem seg derifrå.
Ekte erfaringar
A Ciambra har dokumentariske trekk. Alle spelar roller som til dels er baserte på eigne liv. Rulleteksten har truleg tjue blad Amato, familien til Pio. Carpignano har brukt sju år på å bli kjend med eit miljø som er djupt mistruiske til omverda. Resultatet er ærleg, realistisk og respektfullt. Portretta eig ikkje skjønnmaling og ligg nærare Tarvelige, heslige, vemmelige av Ettore Scola enn Det søte liv av Federico Fellini. Barn røykjer. Alle drikk. Bråk og bannskap fyller ein god familiekveld.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.