Teater

Mann- og dameleiken

Energisk og intim Broadway-hit i fornorsking

Vanessa Borgli og Øyvind Frøyland går laus med intelligent ironi.
Vanessa Borgli og Øyvind Frøyland går laus med intelligent ironi. Vanessa Borgli og Øyvind Frøyland går laus med intelligent ironi.
Publisert

Det Norske Mikroteateret

Det Norske Mikroteateret har i ei årrekkje presentert moderne dramatikk i såkalla ekte omgivnader, så som eit husvære, eit hotellrom og liknande. No spelar dei eit stykke som går føre seg på eit teater. Spelestaden er ei scene, altså mindre eksotisk enn elles. Stykket Venus i pels handlar om ein audition og eit møte mellom skodespelar og regissør. Det er prislønt og spela over heile den vestlege verda. Roman Polanski har jamvel laga ein film basert på det.

På gode gamle Chat Noir blir vi følgde inn gjennom tronge bakgangar og opp på scena, der vi får teatersalen som bakgrunnsbilete. Vi ser ein livstrøytt instruktør og ein desperat kvinneleg skodespelar. Ho kjem for seint, men sjølvsagt får ho prøve seg. I brokkar av spelet i spelet, med rolla ho skal prøve i, og i samtaler mellom dei to, utviklar det seg ein dobbeltkommunikasjon. Båe har skjulte agendaer, og makttilhøvet mellom dei vippar fram og attende. Kjærleikskampen mellom mann og kvinne vert leika fram i finurlege, morosame dialogar, som skodespelarane Vanessa Borgli og Øyvind Frøyland går laus på med intelligent ironi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement