Musikk

Maniert

Ólafsson og Andsnes spelte Bach firhendig.

Firhendig: Víkingur Ólafsson og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Firhendig: Víkingur Ólafsson og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.

Eg er nok ikkje den einaste som skulle ynskt meg ein heil konsert med festivalens kunstnarlege leiar Leif Ove Andsnes under årets festival. Men me fekk høyra han innimellom, til dømes i firehendig samspel med den unge islendingen Víkingur Ólafsson i Kvinnherad kyrkje. Konserten skilde seg ut: Bortsett frå Beethovens Strykekvartett nr. 9 i C-dur, op 59 nr. 3, der Quatuor van Kuijk kom seg nokolunde heilskinna gjennom den rasande, fugeaktige sistesatsen «Allegro molto», var det ymse klaverarrangement som utgjorde programmet.

«Adagio»-satsen frå Mozarts fjerde strykekvintett blei framført med esoterisk konsentrasjon av Ólafsson, og saman med Andsnes gav han ei fin tolking av den prosesjonsaktige andresatsen frå Beethovens sjuande symfoni. Desse to innslaga fungerte best.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement