Film

Mangfaldig meny

HAVANNA: Filmfestivalen i Havanna har eit rikt program, men sensuren svir.

I den meksikanske filmen til Lila Avilés spelar borna utruleg bra, skriv Håkon Tveit frå Havanna.
I den meksikanske filmen til Lila Avilés spelar borna utruleg bra, skriv Håkon Tveit frå Havanna.
Publisert Sist oppdatert

Kinokøane er kortare enn i fjor, og praten går mest om den infernalske inflasjonen. Når programmet kjem, er første spørsmål alltid kva cubanske filmar som ikkje er med. I år snakkar kritikarar om to sensurerte filmar. I dokumentaren La Habana de Fito (Fitos Habana) av Juan Vilar fortel den argentinske artisten Fito Páez om sitt forhold til Cuba, publikummet og politikken. For partipampar er han nok for ærleg om spelerommet på øya.

Llamadas de Moscú (Telefonsamtalar frå Moskva) av Luis Alejandro Yero er ein dokumentar om cubanarar som har migrert til Moskva og ringjer heim frå snøføyka. Dei ser likskapar mellom dei autoritære regima.

Cuba i klem

Nokre cubanske filmar er heldigvis på programmet. La mujer salvaje (Den ville kvinna) av Alán González er den beste cubanske debuten på lenge med ei gneistrande Lola Amores i hovudrolla som ei kvinne i knipe med få hemningar. Amores har òg hovudrolla i Una noche con los Rolling Stones (Ein kveld med Rolling Stones) av Patricia Ramos, ein stundom morosam film som glir over i melodrama om evige tema i cubansk film: kjærleik og emigrasjon.

Blanding av humor og poesi pregar Los océanos son los verdaderos contintentes (Hava er dei ekte kontinenta) av italienske Tommasso Santambrogio, som har laga ein elegant film i San Antonio de los Baños, der filmskulen på Cuba ligg og protestane 11. juli i 2021 byrja. Malecón av Carlos Larrazábal er diverre ein overspelt samproduksjon mellom USA og Cuba som gneg på gamle stereotypar.

Nord-Amerika

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement