Musikk
Mangfaldig harpespel
Tone Hulbækmo har laga den aller første soloplata med norsk harpe.
Dei fleste kjenner nok Tone Hulbækmo som songar i ei rekke samspelkonstellasjonar med utgangspunkt i folkemusikk. Men ofte har ho samstundes spelt på harpe. Denne harpetypen er relativt liten – instrumentet kan haldast i fanget – og er i slekt med liknande instrument som finst mange stader i verda.
Harpedåm er ei heil plate med solospel på det som vert kalla norsk harpe – den første i sitt slag!
Dessutan er det 40 år sidan ei slik harpe var å høyra på plate for første gong, på Hulbækmos plate Kåmmå no.
Skriftlege kjelder fortel at harpe – særleg i Østerdalen – har vore brukt i norsk folkemusikk, men dette spelet døydde truleg ut rundt 1850. Likevel finst det ni instrument som er tatt vare på. På 70-talet fekk instrumentmakaren Sverre Jensen laga ein kopi av ei slik harpe, og frå 1978 spelte Hulbækmo saman med han i tidlegmusikkgruppa Kalenda Maya. Men lyden av det folkelege norske harpespelet er det ingen som veit noko om, så dette er dermed døme på det folkloristane kallar revitalisering av ein utdøydd tradisjon.
Harpedåm inneheld 21 spor med eit breitt utval av norske folkemelodiar, frå salmar og bånsullar via setermusikk til danseslåttar. Dessutan får me høyra Hulbækmos eigen lydarslått «Kregg», som ho laga til minne om instrumentmakaren Magnar Storbækken. Det breie utvalet av meloditypar viser at harpa kan tilpassast eit mangfald av stemningar, frå det vare og melankolske til det lett og lystige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.