Teater

Mamma, pappa, barn

Monica Isakstuen byr på kvass problematikk i eit moderne teaterspråk.

Svein Solesnes og Mari Strand Ferstad spelar alle rollene.
Svein Solesnes og Mari Strand Ferstad spelar alle rollene.
Publisert

Den norske forfattaren Monica Isakstuen har gjennom dei siste ti åra markert seg med ei særeigen forteljarrøyst og eit djervt fokus på ukomfortsonene i familierelasjonar. Skodespelet Se på meg når jeg snakker til deg, som no har hatt urpremiere i Stavanger, undersøker desse relasjonane vidare, i eit semiabsurd rom- og tidlaust teaterunivers. Stykket liknar ikkje på eit klassisk skodespel med logisk framskridande handling, men det tryllar fram, midt i det visuelt mystiske, mange svært attkjennelege situasjonar og reaksjonar, til og med ting vi til no berre har tenkt i det stille. Foreldre er vi, mange av oss, og born har vi vore, alle som ein.

Stykket er todelt, med ei førsteakt om mor og son, og ein andreakt om far og dotter. Dei to aktørane som er med, Mari Strand Ferstad og Svein Solesnes, skifter såleis på å spele forelder og barn, og situasjonane er heile tida skiftande i tid, slik at tenåringen brått er eit spedbarn att og omvendt. I brokkar og snuttar får teksten og skodespelarane uttrykt mykje både sårbart, vanskeleg og komisk om det å få og å vere barn, og å vere mor og far. Dei ofte sterke emosjonelle bindingane, som i verste fall kan føre til skam og skuldkjensle, vert handsama kløktig og ærleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement