Musikk

Mambo frå Hallingdal

Både latinske rytmar og kryptovaluta er sentrale på det sjuande albumet til Bjella.

Stein Torleif Bjella, kan hende på veg mot Sundreberget.
Publisert Sist oppdatert

Ein treng aldri nytte heile namnet til det mest kjende skjegget frå Øvre Ål. Sidan debuten har Stein Torleif Bjella vore mest omtala med etternamnet. Då han deltok i TV 2-programmet «Hver gang vi møtes» i fjor, var det, så vidt eg kan hugse, ingen som nokon gong kalla han Stein Torleif.

Eit kuriosum derifrå er Astrid S. og Kjartan Lauritzen-duetten «Friskis». Ein nærast irriterande fengjande popsong om at «eg vil vere her eg e». Framleis inne på topp 50 på Spotify eit år etter at programmet var ferdig. Ei rein omdikting av den seige funken «Hallingdal er ei øy», frå albumet Nysetmåne, eit samarbeid med brørne Haugen frå sambygdingsbandet Hellbillies. Av Stein Torleif Bjella.

Han har ei eiga evne til å skape poplyrikk som kan fungere på eiga hand. Heimstaddikting så sterkt knytt opp mot det mange har kalla «tause menn», at ein nærast kan kalla han ein oldfluencar, både for menn og kvinner som ikkje heilt veit kva dei skal seie eller gjere. Det er jo ein del av oss. Eller som det òg heiter her: «No lev eg i mørkret; kryptovaluta».

Tek imot ein klem

Særleg menn som gjerne tek imot ein klem, men helst skulle ønskje det blei til noko meir, har omfamna Bjella. Som synest vedhogging, verdiskaping og manglande viljekraft er mykje enklare enn mjuke kjensler.

Eg veit ikkje kva Marc Ribot kallar det. Den grensesprengjande amerikanske gitaristen som var med på å definere klangen til Tom Waits frå og med Rain Dogs, er med på nesten halve Velkomen skodde, det andre Bjella-albumet som er produsert av Geir Sundstøl, strengetalentet ein lett tabloid kan kalle Noregs Marc Ribot. Det gjer albumet til ei vel så stor musikalsk som tekstleg oppleving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement