Musikk

Målerisk

Carl Nielsens symfoniske solrenning over Egearhavet er suveren.

Den danske komponisten Carl Nielsen (1865–1931).
Publisert Sist oppdatert

Volum 3 i Bergen Filharmoniske Orkesters (BFO) Carl Nielsen-serie byr på tre ulike musikkformer: konsertouverturen Helios, op. 17, Konsert for klarinett og orkester, op. 57, og Symfoni nr. 5, op 50. BFOs tidlegare sjefdirigent, engelskmannen Edward Gardner, organiserer det musikalske materialet med vand meisterskap. Framhevinga av dei ulike stemmegruppene er differensiert, den dynamiske forminga og artikulatoriske utmeislinga av dei musikalske temaa verkar velgjennomtenkt. Den dirigenttekniske kontrollen, særleg i konserten og symfonien, imponerer. Det gjer også lydkvaliteten på opptaket.

Så langt, så godt, som danskane seier. Men litt meir ubunden eldhug, fleire spontane ansatsar i spelet – slikt hadde lyft tolkinga endå eitt hakk til. Somme parti kling i overkant innøvde.

Livskraftig

Helios-ouverturen er det eldste på plata. Den blei til i Athen i 1903, der Nielsen vitja kona Anne Marie, ein bilethoggar som hadde fått stipend for å studera skulpturarbeid på Akropolismuseet. Han lét seg sjølv inspirera av det greske, både mytologien og naturen, nærare bestemt solas gang over Egearhavet. Resultatet blei hans mest vitalistiske verk, med namn etter den greske solguden Helios, der himmelfargen frå morgonraude til skumring blir attskapt gjennom målande instrumentasjon.

Framføringa er det beste på plata. Opninga, med vare hornsignal over ein urørleg liggjetone i bass-strykarane, er i den klassiske musikken ein vanleg måte å framstilla sola som stig opp or horisonten på. Men effektfullt kling det likevel.

Moge meisterverk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement