Musikk
Magnifikt
J.S. Bachs juledagsmusikk jubilerer.
Musiserande englar frå «Den tronande madonna med barnet» av Giovanni Bellini (ca. 1443–1516) i Accademia i Venezia.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Standardinnspelinga
Freistar det med litt festleg musikk fyrste juledag? Då tilrår eg å leggja Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Magnificat, BWV 243, i spelaren. Denne dagen, 25. desember, er det nemleg 300 år sidan dette verket blei urframført i Thomaskyrkja i Leipzig. Jula 1723 var den fyrste for Bach som ny thomaskantor, og trongen hans til å markera seg i embetet avla ei rekkje storfelte kyrkjemusikkverk dette året.
Denne latinske tonesetjinga av Marias lovsong frå Lukasevangeliet er vel det mest praktfulle, med fem songsolistar, femstemmig kor, tre trompetar og paukar, i tillegg til fløyter, oboar, fagott – og dei obligatoriske strykarane.
Potent
Ikkje ulikt Juleoratoriet, som hadde urpremiere fyrste juledag ti år seinare, byrjar magnificatet med eit skikkeleg smell. Opningsorda «Mi sjel høglovar Herren» er tonesette i roleg, dansande tretakt, som på typisk Bach-vis blir utbrodert med ein vrimmel av lynsnare sekstendelsnotar.
Få Bach-verk har så store kontrastar på kort tid. Rå kraft dominerer i sats 7, «Fecit potentiam» (Han gjorde storverk med sin sterke arm), medan sats 10, «Suscepit Israel» (Han tok seg av Israel, sin tenar), er varleiken sjølv. Mest elegant er vel nummer 9, altarien «Esurientes» (Han metta dei svoltne med gode gåver), der to fløyter rører seg hugnadsfullt i parallelle melodirørsler.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.