Teater

Magisk sprudlande

Musikalen om vekkingsrørsla er utmerkt på norsk.

Ein mormon (Kristoffer Olsen) i Afrika.
Ein mormon (Kristoffer Olsen) i Afrika.
Publisert

Sidan musikalen The Book of Mormon hadde urpremiere på Broadway i 2011, har han vore ein obligatorisk turistattraksjon både i New York og London og andre stader. Så lenge ein berre har høyrt tittelen, og berre lausleg snappa opp kva det dreier seg om, undrar ein seg kan hende litt over at dette kan vere noko som treffer utanfor USA. Men det har det gjort, og etter den norske premieren førre helg er det berre å konstatere: Book of mormon treffer her òg. Og det så det susar.

morosamt og rørande

Kva er det som gjer at vi både ler og blir rørte av ei historie om unge mormonarar som dreg på misjonsoppdrag til Uganda? For det første er berre ideen med smilande, strigla unge menn med bønebok i hand eit ultraoriginalt musikalkonsept i seg sjølv. Vi kan ikkje anna enn bli fanga, så strålande flotte og vittige som dei er på Det Norske Teatret, i uforlikelege song- og dansenummer. Mest med éin gong konstaterer vi at dette korkje er misjonerande eller religionsforaktande teater. Det er – med ein gøyal hoftevrikk – ei historie som fortel at tru kan både hjelpe og villeie menneska, og kan hende at det er viktig å kjenne seg sjølv før ein går ut for å endre og berge verda.

Persongalleriet i musikalen er delt mellom dei glatte, kvite mormonarane og urfolka i Uganda, og dualismen i dette gjev både det musikalske og det menneskelege elementet ein rikdom og djupn vi sjeldan elles ser og høyrer i musikalar. Dette blir stadfesta av ensemblet, som med hjarte, kropp og songrøyster gjev oss det eine høgdepunktet etter det andre, sjølvsagt med fundament i melodiane, og dei gode tekstane, til tider utruleg godt omsett av Are Kalvø.

I gode hender

Dei to frontfigurane som har fått Uganda-oppdraget, kunne neppe vore i betre hender enn hjå Frank Kjosås og den for meg nye, fantastiske Kristoffer Olsen. Det same gjeld Preben Hodneland som den nestkommanderande mormonsoldaten, Anette Amelie Hoff Larsen som den fyrstedøypte innfødde og mange andre. Den fikst kyrkjelege scenografien, den overveldande elegante koreografien, kostyme og lys går inn i ein einskap så ein kunne bli religiøs – ja, mormon – av mindre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement