Magisk realismeFilmfestivalen i Cannes byr på glitrande godbitar, men Lars von Triers retur er noko ræl.
Filmfestivalen i Cannes byr på glitrande godbitar, men Lars von Triers retur er noko ræl.
Kameramann Bergsteinn Björgúlfsson har gjort ein formidabel jobb i filmen om kvinna som går i strid.
Noreg har ikkje film på den vidgjetne filmfestivalen i Cannes, men Joachim Trier leier juryen i Kritikarveka. Der finst friske filmpust frå debutantar, men to filmskaparar med sin andre film er best. Polske Agnieszka Smoczynska har laga sterke Fugue, ei utruleg historie frå røynda om ei kvinne som mista minnet. Spennande manus, utsøkt kameraarbeid, mektig lyddesign, glitrande skodespel og draumlike sekvensar skapar reale inntrykk.
Island i varmen
Islandske Benedikt Erlingsson, som stod bak geniale Om hester og menn, er tilbake med Woman at War, med den flotte islandske tittelen Kona fer í stríd. Filmen er eit fyrverkeri med magisk musikalske element og tar opp relevant stoff frå røynda. Det er som om Bertolt Brecht, Marx-brørne og Roy Andersson har leikt med serien Black Mirror. Kvinna som fer i kamp, er Halla. Ho er ein slags klimaterrorist som støtt slår av straumen til aluminiumsverket når ho ikkje er dirigent. Kameramann Bergsteinn Björgúlfsson har gjort ein formidabel jobb. Nesten kvart bilete duger som plakat. Estetikk, politikk og lått står i skjønn foreining. Woman at War er ein komedie med publikumspotensial.
Mordarmas
Lars von Trier har eit trufast publikum, og han har laga mange gode filmar. Han veit å provosere. Etter sju år i kulden på grunn av slappe spøkar om nazisme, er dansken tilbake for å trakke på tær. The House that Jack Built fekk plass utanfor konkurransen. Det er like greitt. Filmen er grotesk, pretensiøs, poserande, spekulativ og sjølvopptatt. Når seriemordaren det handlar om, blir omtala som grenselaust narsissistisk, siktar det tydeleg til filmskaparen sjølv. Han kvir seg ikkje for å samle bilete av Hitler og Stalin med klipp frå eigne filmar og prat om ikoniske skurkar. Når Bruno Ganz dukkar opp for å leie oss inn i undergrunnen, er parodien komplett. Diverre er det ikkje berre grov vald og unødig kvalmande kamerabruk som gjer dei 155 minutta til ei liding.
Uvanleg vald
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.