JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Mafia på høgt fagleg nivå

«Ærleg» korrupsjon har lenge vore eit problem i Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske presidenten Vladimir Putin kontrollerer truleg ein formue på 70 milliardar dollar.

Foto: Alexander Nemenov / AP / NTB scanpix

4074
20190503
4074
20190503

Sakprosa

Mark
Galeotti:

VORY. Russlands supermafia

Omsetjing ved Gunnar Nyquist
Gyldendal

Kor vanskeleg eit russisk omgrep kan vera, lyser mot oss i namnet på denne boka om den organiserte kriminaliteten i det moderne Russland. Vor er ordet for tjuv, vory er fleirtal. Greitt. Men så er det vor v zakone, som bokstavrett tyder «tjuv i lova» – ein kriminell som lever og arbeider etter dei interne reglane i forbrytarverda. Held han seg til dei, skal han til dømes aldri ha løna, fast arbeid.

Det sicilianske omgrepet omertà (teieplikt som det er dødsstraff for å bryta) er ikkje i bruk i russisk, men regelen gjeld, og blodet flyt. Da er det tale om «ei våt sak» (mokroje delo) – poetisk nok fordi det gjerne vert mykje blodsøl og gørr når ein regelbrytar skal møta sin rettvise lagnad.

Samtidshistorie

Mark Galeotti, britisk russlandsforskar knytt til eit internasjonalt institutt i Praha, har studert organisert russisk kriminalitet i 30 år, altså frå slutten av Gorbatsjov-tida. 54-åringen har skrive mange artiklar i kriminologiske og sosiologiske tidsskrift. Vory, som kom i fjor, er eit oversyn over vurderingane hans. I år har han gitt ut ei boka med ein tittel som tyder «Vi lyt tala om Putin».

Galeotti er 13 år yngre enn Putin og fødd same året (1965) som statsminister Dmitrij Medvedev, så dette er samtidshistorie. Men alt har eit opphav, og han trekkjer trådane frå store namn i den russiske forbrytarverda, nokre av dei med status som ein Gjest Baardsen. Skilnaden er at dei russiske forbrytarkongane heile tida har vore langt meir brutale.

I tillegg vart Russland tidleg ein mangenasjonsstat, og med varierande kraft er nasjonalitetsgrensene synlege mellom gruppene, ofte med små, men blodige borgarkrigar som kan ha utspring i usemje om områdedominans. Dette «systemet» fekk sterke gjennomslag under og etter revolusjonen og under borgarkrigen i 1920-åra.

Den som gjekk ein hard og effektiv skole, var den georgiske revolusjonære Josef Dzjugasjvili, betre kjend under dekknamnet Stalin. I juni 1907 planla, organiserte og gjennomførte han eit bankran i Tbilisi, såpass stort at det vart detaljert skildra under to spalter på førstesida i London-avisa The Times. Pengane gjekk til eit godt føremål: partikassa til bolsjevikpartiet. Dei meir filosofisk orienterte revolusjonære mislikte slikt. Lenin sa seg samd, men kviskra eit par ord i øyret på den talentfulle om at det var greitt med litt pengar òg.

Som i så mange bøker om og frå Russland, anten det er romanar eller sosiologiske verk, byr forfattaren på svært mange namn, og for ein detaljinteressert lesar kan det vera praktisk å føra ei namneliste. Galeotti set seg høgre mål enn oppramsing, og boka er ei tankevekkjande kartlegging av eit fenomen som bør interessera fleire enn forskarane: I mange tilfelle har styresmaktene store vanskar med grenseoppgangen mot desse gruppene, mellom anna fordi dei ofte dreg nytte av dei.

Optimisme

Vanleg, «ærleg» korrupsjon har lenge vore eit problem i Russland. Spesielt lærerikt er oversynet som Galeotti gir av voksteren i korrupsjonen under siste del av Brezjnev-perioden, det vil seie frå omtrent 1975 til Brezjnev døydde seinhausten 1982. Etterfylgjaren Andropov forstod at noko måtte gjerast, men helsa svikta. Med dei velmeinte reformene sine kom Gorbatsjov ingen veg mot mafiaen.

Det same galdt Jeltsin. Vladimir Putin, som no har styrt i snart tjue år, har vist seg meir handlekraftig og strukturert, men den amerikanske forskaren Karen Dawisha, som Galeotti viser til, har rekna seg fram til at den noverande russiske presidenten truleg kontrollerer ein formue på 70 milliardar dollar.

Trass i alt dette ser Galeotti grunnar til optimisme. Ikkje på kort sikt. Han siterer ein rufsete Afghanistan-veteran, ein skikkeleg mannemann med arr og gevær: «Vi skal nok verta siviliserte. Men ikkje i morgon.»

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge er tidlegare redaktør i Aftenposten, kommentator og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trass i alt dette ser Galeotti grunnar til optimisme.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis