Musikk

Lyset som fell

Berre Tindersticks er Tindersticks.

Tindersticks slik dei presenterer bandet i samband med det nyaste albumet.
Tindersticks slik dei presenterer bandet i samband med det nyaste albumet.
Publisert

Lyset som fell. På gatene, på det gamle sjukehuset, på markene. Det manglar ikkje på skildringar, verken i poesien eller i biletkunsten. Og likevel er det dit Stuart Staples vil, med «Falling, the Light», det fjerde sporet på Soft Tissue, haustens nye album frå Tindersticks.

Det kjem vokalisten og låtskrivaren godt frå – verseline for verseline vert to menneske som står kvarandre nær, vovne inn i bileta, idet lyset fell på ei hand i ei anna, og, skjøner vi, på noko som er løynt.

Stadnamn som Ladywell og Coldharbour Lane peikar oss i retning av London, men dette kan jo vere kvar som helst. Den vesle, fine melodien, kreditert Staples og bassist Dan McKinna, er over på fire minutt, utan dei heilt store faktene. Det er umåteleg fint gjort.

Den eldste utgåva av Tindersticks vart stifta alt i 1991. Forutan Staples sjølv har både David Boulter (tangentar) og Neil Fraser (gitarar) vore med sidan og medverkar frå dei første tonane av Soft Tissue til at denne lyttaren kjenner godt det landskapet vi er på veg inn i. Ein elegant, dempa bruk av blåsarar, strykarar og koristar – element som tilfører uttrykket friksjon og trøkk der det trengst – er også markant, som på No Treasure But Hope (2019).

Eg høyrer til mellom dei som har følgt bandet sidan midten på 1990-talet, då eg sleit ut tredjealbumet Curtains (1997), ei plate som på mange måtar var som skreddarsydd for eit menneske i midten av tjueåra som etter beste evne prøver å famle seg fram her i livet. Musikken deira strøymde gjerne ut av høgtalarane heilt på tampen av festen, før alle gjekk kvar til sitt, og rett som det var også etter at dei hadde gått.

Det var vel gjerne fordi Tindersticks laga – og lagar, på Soft Tissue – ein mørkrets musikk, om enn med velvalde glimt av både lys og (svart, eller i alle fall gråtona) humor. Særleg har mange sett pris på dei mange songane som skildrar den avstanden som kan rå mellom to menneske som tilsynelatande er nære kvarandre, med ein veksande avgrunn mellom seg – på årets album er til dømes «Nancy» og «Always a Stranger» slike songar, og få om nokon er betre til å lage dei enn Staples og Tindersticks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement