Musikk
Lyset i halvmørket
Sharon Van Ettens sjette album er unnfanga, tenkt, følt og laga i ein individuell og kollektiv unntakstilstand.
Kanskje ligg det ei eiga trøyst i halvmørket, i den skimrande stunda då ikkje mørket heilt har lagt seg enno. Det er i alle fall den kjensla eg sit att med når eg har gitt «Darkish», ein av songane på den nye plata frå Sharon Van Etten, hennar sjette, ein lytt. «Crazy as can be», syng ho, med fuglekvitter i bakgrunnen, «It’s not dark, it’s only darkish... waiting».
Heimelaga
We’ve Been Going About This All Wrong er skrive, komponert og produsert av Sharon Van Etten i heimestudioet hennar i Los Angeles. Dit flytta ho frå New York, der ho hadde budd i 15 år, i september 2019, med partneren og eit lite barn. Av grunnar som skulle vere openberre, vart det nye livet på vestkysten annleis enn tenkt.
Det nye albumet høyrer til mellom dei mange som kjem ut for tida som er unnfanga, tenkt, følt og laga i ein individuell og kollektiv unntakstilstand. Eit av høgdepunkta på plata, «Anything», får fram stemninga i ei søvnlaus natt, der uroa for ei uviss framtid er så overmannande at det fører med seg ei lammande avmakt: «I couldn’t feel anything», heiter det, i ein song mange vil kjenne seg så altfor godt att i.
Van Etten skyr ikkje dei tyngste av tema. Are We There (2014), eit av dei sterkaste albuma i nyare tid, sirkla rundt ein tapper konfrontasjon med eigne traume og romma eit direkte oppgjer med ein ekskjærast som hadde behandla henne dårleg. Songar som «Afraid Of Nothing» og «Your Love Is Killing Me» var tunge å lytte til, men dei var på same tid kraftfulle uttrykk for individuell styrke, ei slags markering av det å komme ut like heil i andre enden, noko som gav dei ein slags reinsande effekt. Dei vitna om ein balanse i kjernen av Van Ettens låtskrivarkunst, som gjer henne i stand til å syngje om kjensler det ikkje er så lett å setje ord på, utan at det vert platt eller svulstig.
Sjeldan intensitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.