Teater
Lykkekast med klassikar
Ukuelege Don Quijote sprudlar i overraskande ny versjon.
Rollene som Don Quijote og Sancho Panza vert spelte av høvesvis Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Den spøkefulle romanen om den innbilte riddaren Don Quijote er ein grunnstein i litteraturhistoria. Det er vel difor vi tykkjer vi kjenner han, også vi som aldri har lese boka. Nokre av oss har sett meir eller mindre karikerte film- og teaterversjonar, og underteikna må vedgå at kjennskapen er mest tufta på teikneserieutgåva i Illustrerte Klassikere.
Dei som har lese dei mange hundre sidene frå perm til perm, veit nok meir, men vi andre vert òg fengsla og rørte av denne spinngalne mannen som held så urokkeleg på sitt. For han er no ein godgut.
Elegant tolking
Dramatiseringa til Yngve Sundvor tek oss frå først av litt på senga. Her er det brått ei rammeforteljing om ei ulukke og eit dødsfall kring ei teateroppsetjing av Don Quijote. Det er lagt opp til eit metanivå, der skodespelarar spelar skodespelarar. Vi lurer ei stund på: Er dette eit stykke om Don Quijote – eller eit stykke om eit stykke? Men på finurleg vis fletter rammeforteljinga seg saman med ei elegant vriden tolking av originalhistoria, der dei fleste skodespelarane ganske så saumlaust opptrer på fleire røyndsnivå.
Sjølve columbiegget her er sjølvsagt dobbeltidentiteten til hovudpersonen. Don Quijote har forlese seg på riddarromanar og trur han er riddar. Svein Harry Schöttker-Hauge spelar skodespelaren Trygve, som har levt seg så inn i karakteren Don Quijote at han trur han er han. I eit forrykande vitalt og innlevd samspel med Sancho Panza (Eirik del Barco Soleglad) og Anne E. Kokkin, Jenny Ellegård og Patrik Asplund Stenseth i diverse roller vert vi salig dregne inn i ein galenskap vi berre må verdsetja utan å mukke. Vi vert mest redde for å le, av otte for å glipp av noko.
Overskot
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.