Musikk
Lydspora i livet
Femti forfattarar fortel om plater som har vore med på å forme dei som kunstnarar og menneske.
R.E.M. fotografert i 1992.
Pressefoto
For forfattaren Olivia Laing er musikken på R.E.M.s Automatic for the People (1992) uløyseleg knytt til gangvegen til bussen ho tok til skulen ho byrja på hausten 1992, etter ein sommar med kjærleikssorg. Årevis med lytting følgde, og då Laing skulle gi ut den første boka si, To the River, vurderte ho ei stund tittelen Find the River, etter tolvte og siste song på albumet ho skildrar som ein følgjesvein.
Den vesle teksten hennar om R.E.M.-klassikaren er å finne i Long Players: Writers on the Albums that Shaped Them, saman med 49 andre, sett saman av redaktør Tom Gatti, som også reflekterer over albumformatet som estetisk uttrykksform før og no i eit fint føreord.
Om du er ein av dei som vender tilbake til nokre plater som har fått ein særleg viktig plass i livet ditt, av grunnar som har både med deg og med musikken å gjere, så er sjansen stor for at du vil kjenne deg att i somme av tekstane i denne boka, som har opphav i ei spalte i New Statesman (der Gatti er redaktør).
Lite format
Bakgrunnen forklarer det knappe formatet, for minna og refleksjonane strekkjer seg berre over to–tre sider, men det viser seg å vere nok til å kunne opne ei dør inn til ei plate og alt ho kan romme.
For meir skal det ikkje til for å skape både lyttelyst og lytteglede, i alle fall når nivået er så høgt på både forfattarar og album, med ein ganske god variasjon i samansetjinga av begge delar – berre det at du kan lese Teju Cole om Black Stars Mos Def & Talib Kweli Are Black Star (1998), Daljit Nagra om The Smiths’ Meat Is Murder (1985), Ben Okri om Miles Davis’ Kind of Blue (1959) og Sarah Hall om Radioheads OK Computer (1997) i ei og same bok, er ein kvalitet i seg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.