Musikk

Lydleg nordljos

Leif Ove Andsnes spelar Geirr Tveitts einaste overleverte klaversonate.

Leif Ove Andsnes ved Geirr Tveitts flygel på ættegarden.
Publisert Sist oppdatert

Nærare 80 prosent av Geirr Tveitts (1908–1981) komposisjonar gjekk tapt då ættegarden på Tveit i Norheimsund i Hardanger brann ned i 1970. Klaversonatane blei spesielt hardt råka, for av tre dusin sonatar overlevde berre éin: Sonate nr. 29, som har tilnamnet Sonata etere.

I dette halvtimelange verket dannar to distinkte melodiske tema utgangspunkt for alle dei tre satsane. Det har fylgt pianisten Leif Ove Andsnes gjennom verda på 35 konsertar dei siste åra, før han i fjor sommar spelte det inn i St. Jude-on-the-Hill-kyrkja i London. Plata inneheld også ti stykke frå Tveitts namngjetne Femti folketonar frå Hardanger, og ni songar som syster hans, Solveig Andsnes, syng i fin og rein stil. Men sidan desse er meir kjende, skal det i det fylgjande dreia seg om den spesielle sonaten.

Bitonalitet

Sonata etere er ein ambisjonsrik komposisjon som set høge krav til pianisten – både reint speleteknisk og når det gjeld disponeringa av den veldige tveittske energien utover i forlaupet. Lyttaren har det forholdsvis lettare, for dei to godt gjenkjennelege temaa blir behaldne ganske ubrigda gjennom heile stykket, noko som gjer dei enkle å fylgja.

Fyrstesatsen er som ein einaste jamn og søkjande tonestraum. Vakker harmonisk irritasjon oppstår når andretemaet blir introdusert etter knappe 30 sekund. Det står nemleg i ein annan toneart enn fyrstetemaet, noko som fører dissonansar med seg. Bitonalitet kallar me denne komposisjonsteknikken, som særleg den ungarske komponisten Béla Bartók er kjend for. Teknikken syner korleis Tveitt tok opp i seg kontinentale straumdrag og lét dei verka fruktbart på sitt eige folketoneinspirerte materiale.

Klangeksperiment

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel