Musikk
Lydleg lydløyse
Benjamin Brittens maritime mellomspel blei ypparleg tolka i Bergen.
Bergen Filharmoniske Orkesters solooboist Boris Fatulaev i Grieghallen onsdag.
Foto: Sunniva Øiestad
Begge orkesterverka som Bergen Filharmoniske Orkester under den tyske dirigenten Axel Kober framførte i Grieghallen onsdag, blei til i 1940-åra. Men i stil og uttrykk har dei likevel knapt noko sams.
Med Konsert for obo og lite orkester i D-dur frå 1945 vende oldingen Richard Strauss (1864–1949) attende til barndomen, til dei klassiske ideala han blei oppfostra med av den strenge faren ved hofforkesteret i München. Four Sea Interludes, som blei urframført same året, syner derimot den ungdommelege og klangfargeglade Benjamin Britten (1913–1976), som sette seg føre å måla sitt austengelske kystlandskap i tonar.
«Nein»
Våren 1945 blei Garmisch-Partenkirchen hærteke av amerikanarane. Her, pittoresk ved foten av Tysklands høgaste fjell, budde Strauss i ein enorm jugendstilvilla. I 1930-åra hadde han samarbeidd med nazistane, mellom anna som president i «riksmusikkammeret», så han ottast nok lagnaden sin.
Men U.S. Army-soldatane som oppsøkte han, var overraskande nok «særs elskverdige og velvillige», skreiv han i eit brev. Mellom dei var korporalen John de Lancie, som i det sivile livet var fyrsteoboist i Pittsburgh Orchestra. Han spurde om Strauss kanskje vurderte å komponera ein obokonsert, noko som avla det korte svaret «nein». Men Strauss trong vel berre å tyggja litt på det: Hausten same året fekk de Lancie melding om at partituret var ferdig.
Om det var krigsrøynslene som gjorde det, veit eg ikkje. Men Strauss reduserte her det for han så typiske massivt-seinromantiske symfoniorkesteret til eit minimum, til storleiken som Mozart og Haydn hadde hatt til rådvelde. Bergen Filharmoniske Orkesters solist Boris Fatulaev fekk fram det nøkternt vakre i Strauss’ obostemme, som i fyrstesatsen slyngjer seg frodig mellom strykarakkordane. Eit høgdepunkt var opninga av tredjesatsen, der solofløyta blandar seg i oboens spretne melodi, i ein runddans der den eine bit den andre i halen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.