Musikk
Lyden av 20-talstechno
Det skotske plateselskapet Mála Ádh si nye overraskingssamling opnar opp for noko godt.
Valerie Ace bidreg med «Dream Harder», ei inspirerande radbrekking av Justin Timberlakes klassiske hit frå 2006, skriv Rasmus Hungnes.
Foto: Soundcloud.com
Mála ádh er gælisk for lykkepose. Eg var flaksen nok til å slumpe til å få tilgang til den nye samlinga til det skotske plateselskapet tidlig, og kan melde at LUCKYBAG002 er fylt med saliggjerande musikk som får bein, føter, hovud – kort sagt alle kropps- og sinnsdelar – til å humpe og sprette i takt.
LUCKYBAG002 kom på CD førre veke og kjem straks òg i ikkje-fysisk format. I likskap med forgjengaren er alle bidraga framifrå døme på det som har dominert technomusikken dette tiåret så langt: Dette er dansemusikk av det høveleg harde slaget, techno blanda med eit islett industrial, hypnotiske tranceelement og flust med snurrige krumspring.
Valerie Ace bidreg med «Dream Harder», ei inspirerande radbrekking av Justin Timberlakes klassiske hit frå 2006, «Sexy Back». Greske MarcelDune har markert seg som ein svert interessant produsent dei siste par åra, og hennar tornande spor «You Could Never» skuffar slett ikkje. DJ Pacifier – pacifier tyder smokk – sitt bidrag, «Adventure», er nærast rolig i forhold, og minner meg på underleg vis om ein gamal barne-TV-snutt med ei mus som er ute på eventyr og svingar seg mellom kjøkkenhyllene.
Terrorythmus skapar sving med ein leiken synthmelodi og polyrytmiske skifte på «ULTIMATE».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.