Musikk
Lydbokcountry
Det kan gå bra når ein låtskrivar nektar å gjere det enkelt for seg.
Ryan Davis tek rattet i tekstbasert countryrock med det nye albumet. Her i bagasjerommet.
Foto: Justin Murphy
Skam, sjølvkritikk, desperasjon og draumen om å starte på ny. Dette er ikkje den moglege stemninga i enkelte norske politiske parti etter den føreståande valdagen, men noko av det Indiana-baserte Ryan Davis er innom på andrealbumet med The Roadhouse Band.
Før var han låtskrivar og frontfigur i fleire band du aldri har høyrt om, som Tropical Trash og Equipment Pointed Ankh. Favoritten var Chicago-kvartetten State Champion, omtala av vener som punk-liknande countrygrums. Det var meint som eit uttrykk for vørdnad. Davis hadde rykte frå fleire hald som ein låtskrivar å følgje med på, «ein Bob Dylan med humor».
Sjølv om det høyrest spanande ut, vart det i 2018 stopp etter fire album med State Champion.
Davis nytta overskotstida på eige plateselskap og forsøkte seg som kunstmålar. Trongen til å gjere noko meir pressa seg på. Til slutt samla han eit nytt band og dobla storleiken: Oktetten Ryan Davis & The Roadhouse Band debuterte i 2023 med det ein enkelt kan kalle countryrock.
Det er lite som er enkelt med dette bandet. Heldigvis.
Ikkje radiovenleg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.