Bok

Lucy på sporet

Elizabeth Strout skriv så lett, så lett om dei djupaste laga i menneskesinnet.

Elizabeth Strout er skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine.
Elizabeth Strout er skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine.
Publisert

I den koreanske filmen Parasitt frå 2020 flyttar ein fattig familie inn hos ein rik på uærlege premiss, og dei overtar etter kvart både huset og livet til dei rike. Eit gjennomgangsmotiv er at fattigdom kjem til uttrykk på mange vis, også på ei særeiga kroppslukt. I filmen er dette heilt konkret. Hos Strout er det ein indre, mental tilstand: Den som kjem frå fattigdom, går i evig angst for at ho rett og slett stinkar.

Elizabeth Strout fekk Pulitzer-prisen for boka om Olive Kitteridge, ei soge mange også kjenner frå TV-serien med same namn. Strouts spesialitet er å skildre komplekse menneske og krevjande tilhøve i ein lett tilgjengeleg prosa. Dessutan er ho ein meister i å skrive fram karakterar så levande at lesaren gløymer at dei ikkje er verkelege.

Fri for arroganse

Åh, William! er ei av fleire bøker om Lucy Barton. Å lese dei er som å sitte i ein fortruleg samtale med ei venninne. Denne venninna har svært mykje på hjartet. Ho legg ut om menn, barn og barndom, mødrer og svigermødrer, jobb og karriere – alt slikt venninner gjerne snakkar med kvarandre om – på eit vis som gjer at ein sit og lyttar kor lenge det skal vere.

Noko av det geniale ved framstillinga av Lucy Barton og livet hennar er at ho har nok luft og opningar i seg til at lesaren sjølv kan smette inn eigne tankar og reaksjonar. Slik er det jo nettopp i ein verkeleg god samtale, ein tenkjer: «Ja, slik er det, nett slik!» Eller: «Det har eg ikkje tenkt på før, men jau – det trur eg er heilt rett!»

Lucy er òg ein person det er fint å vere i lag med fordi ho er totalt ærleg om eigne feil og manglar. Ho er fri for arroganse. Gjennom alt ho fortel, skin personlegdomen hennar gjennom, den uendeleg komplekse personlegdomen, skiftande etter omstenda: Lucy er fri og glad, engsteleg og bunden, beskjeden, bramfri, redd, modig, dum og klok. Slik vi alle er: «Åh kjære Alle i hele denne vide verden, vi kjenner ingen, ikke en gang oss selv!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement