Bok
Løyndomsfulle tidssamband
Vidar Sundstøl søkjer heller ut av enn inn i samtida.
Vidar Sundstøl tok farvel med krimsjangeren i 2019 og har sidan skrive fleire romanar.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Vidar Sundstøl fekk eit namn som feira krimforfattar for rundt ti år sidan. I dei tre siste bøkene har han tatt for seg litt andre slags gåter.
Det handlar mykje om løyndomsfulle samband mellom fortida og vår eiga tid. I dei to siste romanane hans er den norrøne tida og det rike mytestoffet som høyrer til, viktige omdreiingspunkt for handling og tematikk.
Sundstøl skriv fram parallelle tidsplan og verder. Her er motiv vi kjenner frå mytologien, men som kanskje fleire i dag knyter til populærkultur og litteratur: Ideen om ein hær av daudingar som kjem til dei levande for å ta hemn, og at skapningar frå fortida kan gripe inn i vår eiga tid, nytten av ein god stav for å drive seid/trolldom, og vesen som livnærer seg av menneskeblod.
Dei av oss som tykkjer slikt er fascinerande, blir glade for at ein så god forfattar tar desse førestillingane på alvor og ikkje minst at han tar dei attende til der dei høyrer heime, i vår eiga kulturhistorie.
Ut av di tid
Eddy Kromvik er ein forfattar som slett ikkje vil skrive om det som tel og gir utteljing i samtida, men heller søkjer seg langt bakover til farne tider. Det siste han vil, er å skrive ein roman som kan «sitte pent på gulvet og logre med halen i håp om at noen skal klappe den på hodet og kalle den god».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.