Musikk

Lovande debut

Datadyr er skikkeleg på innsida av stoffet.

Øystein Høynes, Odd Erlend Mikkelsen og Amund Nordstrøm møttest på Griegakademiet.
Øystein Høynes, Odd Erlend Mikkelsen og Amund Nordstrøm møttest på Griegakademiet.
Publisert

Dei tre som utgjer trioen Datadyr, har «funne» kvarandre på Griegakademiet i Bergen, der dei har vore studentar. Eg vart først merksam på trioen gjennom denne plata, og dei har vore den store positive overraskinga denne våren. Woolgathering tyder noko slikt som dagdrøyming, og med litt velvilje kan ein kanskje seia at dei driv med nettopp det i delar av repertoaret, men dei sju låtane, som dei har laga i fellesskap, er prega av stor variasjon målt etter dei fleste parametrar.

Dei skapar eit breitt register av stemningar og går med stødige steg frå det eine til det andre, som frå tittelkuttet «Woolgathering» der Marstrander med pedalsteelgitaren sin er med på å understreka det dagdrøymande til den innleiingsvis bråkjekke «Daybreaking». Sistnemnde går over i eit langsamare tempo med eit fint basskor av Høynes før ein er attende til temaet og ein episk solo av Møster.

Trioen har heilt tydeleg hatt med seg repertoaret i ein lang periode. Dei har utvikla eit samspel og arrangementsdetaljar som tyder på mykje jobbing. Her er ein sjølvtryggleik som ein ikkje ofte finn hjå så unge musikarar. Dei har valt å spela musikken inn i Solslottet studio på Bergen Kjøtt. Dei har funne det rette rommet, og det er ein nerve i musiseringa som hevar denne plata over mange debutar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement