Film
Lov og rett i Berlin
Tysk rettssalsdrama følgjer fast prosedyre effektivt.
Advokat Caspar Leinen (Elyas M’Barek) kjenner seg «fanga» då han vert utnemnd som forsvarar for Collini (Franco Nero).
Foto: Manymore AS
Caspar Leinen (M’Barek) får si største store sak som advokat. Han skal forsvare italienske Collini (Nero), som har avretta ein industrimagnat som etter alt å døme hadde eit hjarte av gull. Leinen er i ei lei knipe, for den døde har vore som ein far for han, og aktoren er ein mentor. Likevel vil Leinen vise at han duger i yrket. Kontrasten er stor mellom den rause rikingen og den tause mordaren. Kanskje finst det forklaringar på mordet?
Rett fram
Frå første scene blir eg irritert over at lydsporet er smerteleg streit. Musikken verkar henta frå dei fantasilause nedre hyllene i Hollywood. Elles er det klart at produksjonen er full av folk som kan faget sitt. Alt sit. Kamera og klipp er etter boka, stødig og utan krumspring. Manuset byd på moralske dilemma, og dramaet drar seg gradvis til med overraskande, men truverdige vendingar. Rett nok kjennest dei ikkje originale, og dei forklarande tilbakeblikka er fleire enn naudsynt. Skodespelarane er gjennomgåande gode. Elyas M’Barek i hovudrolla er staut. Det heilstøypte filmarbeidet trumfar dei trauste trekka. Engasjementet snik seg på og endar i ei god kinooppleving.
Djevelske detaljar
Som djevelens advokat leitar Leinen med lupe og finn smuss bak fasaden til ein strigla elite. Hersketeknikkane i det arrogante advokatmiljøet er for detaljar å rekne. Når tysk film kjem på kino i Noreg, lurer som så ofte før karikerte nazistar i fortida, men her er det den juridiske ettertida som er interessant, og skuldspørsmål er ikkje alltid enkle.
Tysk film har flust av friske stemmer. Marco Kreuzpaintner er ikkje ei av dei. Han er meir ein solid filmarbeidar enn ein stor kunstnar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.