Bok

Løgnhalsar i sommarsol

Agnes Ravatns roman frå havgapet er veldreidd som ein luksusyacht, men held seg tematisk på grunna.

Agnes Ravatn har skrive fleire prislønte bøker etter debuten i 2007.
Agnes Ravatn har skrive fleire prislønte bøker etter debuten i 2007.
Publisert

Det er hevda at Noreg er landet der misunning og sjalusi er sterkare enn seksualdrifta. Desse brysame kjenslene er velkjende drivarar for dramatikk, både i røynda og i kunsten. Auka velstand gir nok stadig nye høve til svartsjuke. I Gjestene går det over styr for ein kommunalt tilsett rådgivar når ho og mannen låner ei luksushytte i skjergarden.

Agnes Ravatn har for lengst etablert seg i det litterære toppsjiktet blant yngre norske forfattarar, særleg kjend for ei sikker satirisk klo. I sakprosabøkene sine har ho levert velformulerte og innsiktsfulle tekstar om kulturelle og samfunnsaktuelle tema. Formuleringsevna er på plass denne gongen også, men romansjangeren gir høve til å handsame større tema enn det forfattaren gir oss i denne forviklingskomedien.

Rollespel

Karin er tilsett som juridisk rådgivar i Nittedal kommune like utanfor Oslo, der ho og snikkarmannen Kai også bur. Karin er nøgd med visse sider av tilværet, ho har ein god mann og kjekke barn. I sitt stille sinn veit ho likevel at ho har sikta for lågt i livet. Lesaren får nokre hastige tilbakeblikk på skuledagane i oppveksten, der det meste vart styrt etter innfalla til den manipulerande og herskeglade Iris. På byen ein kveld støyter Karin og Kai tilfeldigvis på Iris, som bed Karin om eit juridisk råd. Som takk vil Iris låne dei hytta hennar.

Hytta er teikna av Snøhetta og «bygd perfekt inn i ei ’naturleg nedsenking’ i landskapet». For Karin blir hytta ein raud klut. Hytta bidrar til «endå meir nederlagskjensle» og hissar til «svartsjuk sjølvrefleksjon». Sjølvrefleksjonen går over i handlingar av eit ganske vilt slag, etter at Karin går over svaberga mot naboeigedomen og får slengt mot seg eit grettent «privat eigedom». Ei Pandoras eske av mørke kjensler blir opna når naboane viser seg å vere ingen andre enn Karins eigen favorittforfattar og mannen hennar. Spelet er i gang. Karin og Kai skiftar identitetar, dei blir tech-gründeren og kraftspekulanten, og dei naturlege eigarane av den luksuriøse hytta.

Truverdet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement