Bok
Livsviktig leik
Kan ein ha det kjekt når ein er sjuk?
I boka møter vi born på sjukehus.
Illustrasjon: Nora Brech
I biletboka Skalla møter vi Iben den dagen ho har bursdag. Ho prøver å få selskapet til å vare så lenge som råd. På neste oppslag skjønar vi kvifor. Morgonen etter lyt ho reise på sjukehus.
– Det kjem til å bli litt tøft no framover, seier doktor Kvitskjegg.
Inn frå naborommet kjem ei jente med eit stort smil, men heilt utan hår. Skalla-Malla syner Iben magiske rom på sjukehuset, fulle av snop, dans og diskomusikk.
Sjukdom og sorg er ein del av pakken, også i eit barneliv. Skalla viser korleis barn kan gje og ta imot trøyst når nokon er sjuke og redde.
Særleg i illustrasjonane er boka i augehøgd med barnelesaren. Nora Brech brukar perspektiv og utsnitt på ein slik måte at vi aldri ser ansiktsuttrykka eller kjenslene til dei vaksne. Det er opplevinga Iben har av å bli sjuk, ta medisin og miste håret som vert formidla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.